
Ekspertutval: Betre nasjonal kontroll med digital infrastruktur
Eit utval med NHH-professor Kenneth Fjell som medlem har vurdert korleis staten kan ivareta nasjonal kontroll med kritisk digital kommunikasjonsinfrastruktur.
I dag mottek digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung rapporten frå utvalet.
Mobil og breiband
Utvalet har vurdert korleis ulike verkemiddel, som regulering og statleg eigarskap, kan bidra til betre nasjonal kontroll med digital kommunikasjonsinfrastruktur, særleg mobil- og breibandnett.
Utvalet vart oppnemnt av regjeringa i januar 2024. Det har bestått av ni medlemmer, samansett av ekspertar frå akademia og privat og offentleg sektor. Eitt av medlemmene er professor Kenneth Fjell ved Institutt for rekneskap, revisjon og rettsvitskap, NHH.

Utvalet har undersøkt digital kommunikasjonsinfrastruktur som er viktig for statssikkerheit, samfunnssikkerheit og kritiske samfunnsfunksjonar. I rapporten påpeiker utvalet at det ikkje gjev meining å lage ei statisk tilstandsskildring av kva som er nødvendig nasjonal kontroll med kritisk digital infrastruktur.
Endringstakt
Endringstakta i dei digitale infrastrukturane, korleis de blir brukte og kva de blir brukte til, er for høg til at ei slik skildring vil vere relevant over tid. På same måte vil endringar i selskapsstrukturar føre til at mekanismane for nasjonal kontroll over kvar enkelt infrastruktur òg vil kunne endrast over tid.

Slik håndterer selskaper og investorer pensjonsforpliktelser i regnskapet
Utvalet har difor konsentrert seg om å foreslå tiltak for korleis staten bør innrette sitt kontinuerlege arbeid med å opparbeide og oppretthalde nødvendig nasjonal kontroll med kritisk digital infrastruktur. Desse tiltaka er delvis generelle og ikkje direkte knytte til eigenskapar ved spesifikke infrastrukturar. Difor kan dei og ha overføringsverdi også til andre sektorar.