Kick-off om grøn kundeåtferd

butikkvindu
– Vi skal få meir kunnskap om korleis bedrifter kan minske fotavtrykket knytt til framstilling og forbruk av produkt og emballasje. Målet er jo at næringslivet skal kunne tilby bærekraftige produkt og tenester som vi forbrukarar vil ha, seier NHH-forskar Lars Jakob Tynes Pedersen. Illustrasjonsfoto: pixabay.com
Av Sigrid Folkestad

3. september 2018 09:49

Kick-off om grøn kundeåtferd

Tre NHH-forskarar har fått ein halv mill. kroner til eit forprosjekt om sirkulær økonomi og grøn kundeåtferd. Denne veka var dei på kick-off hjå Orkla, som er samarbeidspartnar.

– Vi skal gjere eksperimentelle studiar av grøn kundeåtferd, både i og utanfor butikkane. Vi skal også finne ut av løysingar som kan redusere bedriftene sine fotavtrykk generelt og «plastavtrykk» spesielt, seier førsteamanuensis Lars Jacob Tynes Pedersen ved Institutt for regnskap, revisjon og rettsvitskap, NHH.

BIA-X-programmet

BIA-X-programmet til Forskningsrådet skal investere 50 millionar kronar i næringsretta prosjekt om ansvarleg forbruk og produksjon. Dei som får stønad til forprosjekt, kan seinare søke hovudprosjekt. Prosjekta skal løfte fram bærekraftutfordringar som kan styrke norsk konkurransekraft i den veksande marknaden for grøne produkt og tenester.

Søknad i 2019

Tittel på forprosjektet er «Sirkulære forretningsmodeller og grønn kundeatferd».

Forskargruppa frå NHH består av Pedersen og førstamanuensane Siv Skard og Sveinung Jørgensen. Alle tre er knytt til Center for Service Innovation. Dei samarbeider også med BIR i dette prosjektet om kundeåtferd og sirkulære forretningsmodellar. Det vil seie: Mindre fotavtrykk ved å resirkulere, reparere, gjenbruke og digitalisere.

Midlane kjem frå BiA-X-programmet, som er Forskingsrådet si storsatsing på ansvarleg forbruk og produksjon i næringslivet. Framtida er eit næringsliv som kan konkurrere i den veksande marknaden med grøne produkt og tenester, meiner Forskingsrådet. Difor skal Forskingsrådet investere totalt 50 millionar kronar i næringsretta prosjekt om ansvarleg forbruk og produksjon.

Dei som får stønad til forprosjekt, kan seinare søke hovudprosjekt, slik dei tre NHH-forskarane skal gjere.

Kick-off i Oslo

Denne veka var det kick-off for prosjektet hjå Orkla i Oslo, der dei tre NHH-forskarane fortalde om ambisjonar og foreløpige resultat frå eksperimentelle studiar som er gjort i samarbeid med Orkla i 2018.

Pedersen og Orkla
Lars Jacob Tynes Pedersen saman med prosjektansvarlige i Orkla, Anne Marheim Støren og Bård Bringsrud Svensen.

– Måndag presenterte vi prosjektet på eit allmøte hjå Orkla Home & Personal Care, saman med dei to prosjektansvarlege ved Orkla, Anne Marheim Støren og Bård Bringsrud Svensen. Dagen etter fekk vi på plass ein plan for forskingsaktivitetar hausten 2018. Dette arbeidet vil involvere empiriske studiar gjennomført av fire grupper med masterstudentar og ein ny stipendiat ved Institutt for regnskap, revisjon og rettsvitskap.

Ta bærekraftige val

Prosjektet har to delar, fortel Pedersen. For det første tek det føre seg bærekraftige forretningsmodellar og teknologiutvikling, med vekt på korleis næringsliv kan lage produkt på smartare måtar.

– For det andre skal vi studere grøn kundeåtferd. Korleis kan bedrifter leggje til rette for at kundar skal ta bærekraftige val?

– Kva ønskjer de å oppnå med forskingsprosjektet?

– Vi skal få meir kunnskap om korleis bedrifter kan minske fotavtrykket knytt til framstilling og forbruk av produkt og emballasje gjennom nye distribusjonsløysingar. Målet er jo at næringslivet skal kunne tilby bærekraftige produkt og tenester som vi forbrukarar vil ha.

Bærekraft må bli «big business»

Kloden koker, havet oversvømmes av plast og ferskvann er blitt en mangelvare. Er næringslivet virkelig løsningen på disse problemene?

NHH-bidrag til grønn økonomi

Store norske selskaper er nå på jakt etter løsninger som gir minde plastbruk og høyere gjenvinningsgrad. Tre NHH-forskere skal hjelpe dem på veien til en litt grønnere framtid.

Plasten er den nye palmeoljen

Bedrifter som skal være rustet for fremtiden, er nødt til å løse plastproblemene på smarte måter.