Låge fødselstal uroar regjeringa

katrine løken
Katrine Vellesen Løken, professor ved Institutt for samfunnsøkonomi vert medlem i Fødselstalutvalet. Utvalet skal greie ut moglege årsaker til at vi får færre barn enn tidlegare, korleis det vil påverke samfunnet, og moglege tiltak for å snu utviklinga.
Av Sigrid Folkestad

12. august 2024 15:48

Låge fødselstal uroar regjeringa

Vi får stadig færre barn enn her til lands, noko som kan by på problem på lenger sikt. No skal eit nytt ekspertutval med Katrine V. Løken som medlem sjå om finst det tiltak for å snu utviklinga.

Regjeringa har oppnemnt eit utval som skal greie ut moglege årsaker til at vi får færre barn enn tidlegare, korleis det vil påverke samfunnet, og moglege tiltak for å snu utviklinga.

jøril mæland

Vil sikre mer effektiv og trygg handel

Verdipapirutvalget med finansforsker Jøril Mæland og professor II Filip Truyen har denne uken levert en ny NOU om endringer i verdipapirhandelloven.

Utvalet blir leia av seniorforskar ved Folkehelseinstituttet Rannveig Kaldager Hart. Med seg i Fødselstalutvalet får ho samfunnsøkonom Katrine Vellesen Løken, professor ved Institutt for samfunnsøkonomi og forskar ved Senter for framifrå forsking FAIR.

fruktbarheitstalet

Det samla fruktbarheitstalet1 i Noreg har falt frå 1,98 barn per kvinne i 2009 til 1,40 barn per kvinne i 2023. Målinga for 2023 var det lågaste målte nivået i landet. I dag har Noreg lågare fødselstal enn OECD-gjennomsnittet og er blant landa der fødselstala har falle mest dei siste 10-15 åra.

Kilde

Det er første gong i historia at regjeringa set ned eit fødselstalutval.

– Regjeringa har innført gode tiltak som vil gjera kvardagen til barnefamiliar betre, som billegare barnehage og SFO, og auka barnetrygd, men vi veit mindre om kva effekt tiltaka har på fødselstala. Det kan òg vere andre samfunnsforhold som er viktige når avgjerda om å få barn blir tatt. Eg forventar at eit utval kan hjelpa oss å klarare forstå samanhengen mellom samfunnsstrukturar, politikk og fødselstal, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) i ei pressemelding.

Utvalet skal drøfte kva staten aktivt kan gjere av tiltak for å leggje betre til rette for fleire fødde barn og føreslå tiltak som kan vere samfunnsøkonomisk effektive.

Mandat

Utvalet skal levere si utgreiing i form av ein NOU innan 18 månader frå oppstart, men ein delleveranse innan april 2025 som inkluderer tiltak som kan auke fødselstala og ei vurdering av kostnadane ved tiltaka.

linda nøstbakken

Utredning om kjernekraft: Nøstbakken inn i ekspertutvalg

Regjeringen ønsker å utrede kjernekraft som mulig kraftkilde i Norge. Forskningsdirektør i SSB og professor II ved NHH, Linda Nøstbakken, går inn i nytt ekspertutvalg.