Rapporter og undersøkingar

Rapporter og undersøkingar

Her finn du den siste årsrapporten til Kunnskapsdepartementet (KD), samt dei siste resultata frå nokre interne og eksterne undersøkingar. Resultata blir nytta i arbeidet med utvikling av utdanningskvaliteten.

Årsrapport KD

Årsrapporten er ein årleg tilstandsrapport om høgskulen si verksemd, og femnar om alle delar av høgskulen si kjerneverksemd – utdanning, forsking, formidling og samfunnskontakt. Rapporten blir sendt til Kunnskapsdepartementet i mars kvart år.

Årsrapport for NHH 2023

ARBEIDSMARKNADSUNDERSØKINGA (AMU)

Kvart år inviterer NHH alle masterkandidatane til å delta i NHH si arbeidsmarknadsundersøking, om lag seks månader etter at dei er uteksaminert. Vi kartlegg overgangen deira til arbeidsmarknaden, og ber dei vurdere programmet dei har deltatt på når det gjeld relevans, styrkar og svakheiter. NHH nyttar resultata i det kontinuerlege arbeidet for å oppretthalde og forbetre vår posisjon som ein høgkvalitetsinstitusjon som utdannar relevante og sterke kandidatar for arbeidsmarknaden og samfunnet som heilskap.

Arbeidsmarknadsundersøkinga 2023

STUDIEBAROMETERET

Studiebarometeret er ei nasjonal spørjeundersøking som blir gjennomført kvar haust. Undersøkinga er retta mot 2. og 5. års studentar på heiltidsstudia, og spør om studentane sine oppfatningar om kvaliteten i studieprogrammet dei går på.
Her finn du dei nyaste rapportane frå Studiebarometeret, både på institusjonsnivå og for det enkelte studieprogrammet.

Studiebarometeret 2023, NHH

Studiebarometeret 2023, Bachelor i økonomi og administrasjon

Studiebarometeret 2023, Master i økonomi og administrasjon

Studiebarometeret 2023, Master i regnskap og revisjon

ANDRE EKSTERNE UNDERSØKINGAR

SHoT tilleggsundersøkelsen 2021