Maricarmen og Simeone
Då Maricarmen Abascal nyleg døydde 87 år gamal, var ho blitt eit symbol på kampen mot skamlause prisar i bustadmarknaden.
No er ho også blitt eit symbol på dei himmelropande skilnadane i dagens samfunn.
Fart i sakene blei det då fjernsynskanalen La Sexta opplyste at trenaren for fotballklubben Atlético Madrid, Diego Simeone, eig ikkje mindre enn 180 bustadar som han leiger ut og har innbringande inntekter av.
Oppvakte journalistar som argentinske José Luis Lanao tok sporenstreks til å jamføra dei to: Maricarmen, som stolt proklamerer at ho har arbeidd heile livet, og Simeone, som protesterte mot at opplysningane om eigedomstilhøva hans blei publiserte og lever stort på svært lønsam verksemd.
I 1956 leigde far til Maricarmen den leilegheita der ho blei buande før ho gjekk bort. Ho studerte maskinskriving og utdanna seg til sekretær. Sidan arbeidde Maricarmen som sekretær hos sjefane for eit farmasi-firma, før ho pensjonerte seg i 1998. Som pensjonist stod ho kvar dag opp klokka 9, og likte å gå å handla hos slaktaren på hjørnet, medan ho passa på det ho hadde i heimen, spesielt eit par maleri og porselensfigurar.
Inntil han som eigde leilegheita skrudde opp prisen på leiga, så den blei høgare enn heile pensjonen hennar. Då kunne ho ikkje betala lenger. Men kjempa for bustaden ville ho - og gjorde ho.
Diego «Cholo» Simeone er 56 år gamal og har ikkje gjort anna enn å spela fotball. Som klubbspelar fekk han 515 kampar på mange ulike lag, og på det argentinske a-landslaget 108 kampar. Sidan 2011 har han utan avbrot trena Atlético de Madrid. Den lange fartstida i klubben har tillate han å forhandla løna godt oppover, og i dag skal Diego Simeone, ut frå tal publiserte i franske L’Équipe, vera den best løna fotballtrenaren i verda, med ei årsinntekt på om lag 20 millionar euro i året.
I løpet av karrieren har han såleis kunna leggja seg opp ein monaleg sum pengar, som han så har investert i store monner i bustadmarknaden.
Tendensar som dette ser vi også her til lands. For dei med lågast løn og mykje gjeld utgjer bustadutlegg ein monaleg del av folks inntekt, også jamført med andre europeiske land.
Framlegget til redusert skatt i statsbudsjettet legg òg opp til at dei med høge inntekter kjem klart best ut, medan dei med lågast inntekt og pensjon får mykje mindre auke. Får vi då ei norsk Maricarmen som svar på dette?
Sentralbanksjefen si løn har auka frå 2.558.000 kroner til 2.864.000 kroner i år, eller 12 prosent, klart meir enn snittet på 4,4 prosent for vanlege arbeidarar. Andre leiarar i staten tener eit par gonger meir enn sentralbanksjefen, men det er likevel i fotballsirkuset ein finn dei ekstremt høge inntektene, mellom dei beste og mest verdsette spelarane og trenarane.
Om det ikkje gjeld så mykje her til lands, så er nordmenn i utlandet med på galeien. Kva med inntektene til Erling Braut Haaland og Martin Ødegård? Vi er tilbakehaldne med å røkja etter inntektene deira, i fast løn og for alt det andre dei er med på og får betalt for. Stort sett hyllar vi dei, også for deira prangande bustadar og ofte ekstravagante vanar.
Dei som produserer verdiar og rikdom i samfunnet, blir slett ikkje likt verdsett, slik vi ser det i tilfella med Maricarmen og Simeone. Dei høyrer begge til i produksjon i servicenæringa, men med særs ulike utbyte. I dei 34 åra ho arbeidde som sekretær klarte Maricarmen ikkje å opparbeida ein pensjon stor nok til å matcha leigeprisen på leilegheita då prisen blei sett opp tidlegare i år.
Medan den astronomiske årsløna til Simeone gjorde at han kunne kjøpa 180 bustadar til å leiga ut.
Innlegget var først publisert i BA 26. oktober 2026.