Akvariesjefens lærdom: – Eg får tårer i auga

Masterstudentene Evylin Nicolaysen, Una Førde og Maylin Nicolaysen ga denne uken økonomiske råd til Akvariet-sjefen.
Masterstudentene Evylin Nicolaysen, Una Førde og Maylin Nicolaysen ga denne uken økonomiske råd til Akvariet-sjefen. Alle foto: Hallvard Lyssand
Av Bjørn Egil Halvorsen

30. oktober 2026 11:04

Akvariesjefens lærdom: – Eg får tårer i auga

Bør pingvinane og sjøløvene i Bergen flytte til Dokken eller bli verande på Nordnes? Analysane til NHH-studentane gav Terje Breivik ei aha-oppleving.

Ein korallfarga fisk buktar seg bortover dei tre høgthengande skjermane. Men undervassidyllen slår raskt sprekkar i Aud P, for snart trer grafar og harde fakta fram.

På første rad sit ein mann med ein «A» på den blå genseren og spissa penn. Fisk og finans er del av den same floke for ham.

Kan han få eit forløysande reknestykke på NHH i dag?

Bli eller dra? Så enkelt og så komplisert. Det handlar om skjebnen til hundrevis av dyr og Akvariet sjølv: Skal den maritime bergensbautaen flytte til eit nytt bygg ved Dokken eller rehabilitere det eksisterande anlegget på Nordnes?

Medan byråkratar i Oslo akkurat no reknar på kva som vil lønne seg, sette Akvariet-sjef Terje Breivik seg ned på tilhøyrarbenken i Aud P på NHH.

I fleire veker har 80 masterstudentar dykka ned i den same problemstillinga: Kva vil lønne seg?

Og denne veka la dei fram funna sine.

Evylin Nicolaisen (t.v.), Maylin Nicolaisen og Una Førde
Evylin Nicolaysen (t.v.), Maylin Nicolaysen og Una Førde kom fram til at flytting neppe løner seg. Foto: Hallvard Lyssand
… medan denne gjengen kom fram til motsett konklusjon. Frå venstre Tobias Slinning Urke, Markus Johan Tolo Langset, Yasin Abbasi og Bastian Brekstad Mork.
… medan denne gjengen kom fram til motsett konklusjon. Frå venstre Tobias Slinning Urke, Markus Johan Tolo Langset, Yasin Abbasi og Bastian Brekstad Mork.
Martin Hauge, Jannik Ugelstad, Maria Kråkenes og Henrik H.I. Glittenberg.
Dei brukte KI-agentane alt dei var gode for, og imponerte Akvariet med eit interaktivt verktøy. Frå venstre: Martin Hauge, Jannik Ugelstad, Maria Kråkenes og Henrik H.I. Glittenberg.
Terje Breivik
Det blei mykje å ta inn for Akvariet-sjefen på NHH. Foto: Hallvard Lyssand
Terje Breivik, Joel W. Berge og Torkjell Langås fra Avo consulting
Løfta stemninga i benkeradene. Her er Akvariet-sjef Terje Breivik, NHHs Joel W. Berge (t.h.) og Torkjell Langås frå Avo Consulting.

– Fantastisk!

Breivik nikka, smilte, noterte, klødde seg av og til i hovudet og stilte mange oppfølgingsspørsmål då studentgruppene la fram tala og grafane sine for kundestraumar, sårbarheiter, break-even-analysar, diskonteringsrente og avkastningskrav. Og til slutt anbefalingane. Dei var ikkje eintydige. Medan nokre grupper argumenterte for flytting, tala andre reknestykke for den stikk motsette avgjerda.

– For meg er dette heilt fantastisk. Eg har fått relevante innspel frå svært kompetente studentar. Dette er ein reell case, og svara er til stor hjelp for oss, seier Breivik.

Han legg ikkje skjul på at han sjølv føretrekkjer å flytte inn i eit nybygg ved sjøen, nærare sentrum og straumen av cruiseturistar.

Det er anslått at ei totalrenovering på Nordnes vil innebere ei stenging i to–tre år, med sannsynleg tap av dyr og dyrebare dyrepassarar.

– Dyrepassarane og -trenarane våre er i verdsklasse. Dei veks ikkje på tre, seier Breivik, som fekk eit nytt innspel frå ei av studentgruppene: Kva med å stenge ned i fasar?

– Det er ein veldig interessant tanke, seier han.

– No har eg definitivt fått endå meir å tenkje på.

Terje Breivik

Akvariebuss … eller ikkje?

Som ein del av oppgåva fekk studentane ei tilleggsutfordring. Breivik har hatt konkrete planar om å setje opp ein eigen akvariebuss til Nordnes frå nyåret.

Men dei totalt tjue studentgruppene var så å seie samde: Det vil neppe lønne seg.

– Eg var veldig sikker på at akvariebussen var ein smart idé. Når så mange studentar er eintydige om at dei ikkje heilt har trua, er eg ikkje så sikker lenger, seier Breivik.

I arbeidet fekk NHH-studentane tilgang til eit avansert KI-system frå selskapet AVO Consulting. Ei av gruppene nytta tilgangen til et arsenal av KI-agentar til å programmere eit interaktivt verktøy der brukaren sjølv kunne justere føresetnadene og sjå kva som måtte til for at ulike tiltak skulle bli lønnsame.

Modellen kombinerte mellom anna talgrunnlag og kartdata om belegg, rørslemønster for bussar og menneske i byen, billettprisar og rentenivå.

– Eit heilt sinnssjukt imponerande arbeid, braut kursansvarlig for strategisk lønsemdssanalyse, Joel W. Berge, ut.

– Eg får tårer i auga, sa Terje Breivik.

Kalkylane til Maria Kråkenes og Henrik H.I. Glittenberg peikar i retning av flytting til et nybygg i Dokken. Foto: Hallvard Lyssand / Illustrasjon: Vill arkitektur
Kalkylane til Maria Kråkenes og Henrik H.I. Glittenberg peikar i retning av flytting til et nybygg i Dokken. Foto: Hallvard Lyssand / Illustrasjon: Vill arkitektur

Begeistringa gjekk begge vegar.

– Det har vore veldig, veldig kjekt å få jobbe med ei heilt konkret og aktuell sak, seier Jannik Ugelstad.

– No blir det veldig spennande å følgje med på denne avgjerda vidare. Kanskje vi les i eit seinare BT-intervju at dei som avgjer framtida til Akvariet, har «leika med ein interaktiv modell», smiler Martin Hauge.

Akvarie-relasjon

Søstrene Evylin og Maylin Nicolaysen er begge frå Bergen. Dei har eit nært forhold til Akvariet på Nordnes, med oterane som favorittdyr. Gruppekollega Una Førde?

– Sjøløvene!

Men det er kalde utrekningar, ikkje nostalgi, som ligg bak anbefalinga deira om å droppe flytting til Dokken til fordel for rehabilitering av dagens anlegg.

I analysen deira blir flytting 180 millionar kroner dyrare. Dei presiserer at det er stor uvisse knytt til utrekningane. Frå tilhøyrarbenken blei dei òg utfordra av Akvariet-sjefen på anslaga for besøkstal til eit nytt signalbygg ved sjøkanten.

Likevel: Kanskje kan akkurat funna deira bli ein del av det endelege grunnlaget for avgjerda til Akvariet?

– Det ville vore utruleg stilig, seier Maylin Nicolysen.

Terje Breivik, Torkjell Landås i Avo consulting og NHHs Joel W. Berge
Denne trioen gav studentane trening i å bruke kraftige KI-verktøy, for deretter å måtte stå for funna dei gjorde. – Mektig imponert, lydde dommen frå Terje Breivik, Torkjell Langås i Avo Consulting og NHHs Joel W. Berge.

Ifølgje Terje Breivik bør planen for det nye Akvariet vere klar før Stortinget gir oppstartsløyving til nybygget for Havforskingsinstituttet. Dette kan tidlegast skje i statsbudsjettet for 2028, ifølgje Akvariet-direktøren.

– No har eg definitivt fått endå meir å tenkje på. Men det har vore utruleg kjekt og inspirerande, seier han.

 

Klesgründer og NHH-student Daniel J. Båtstrand

– Jeg kan bli fornøyd i ti minutter. Så tenker jeg: "What’s next?"

Klesgründer Daniel Jarnæs Båtstrand (19) valgte NHH for å bli en bedre bedriftsbygger. Så kom det et halvmeter langt brev i posten.