Konkurs på CV-en kan gjere nye selskap meir risikable

Mariya N. Ivanova_sigrid folkestad
– Kjønn framstår som ein systematisk faktor i korleis selskapsrisiko blir handtert. Det betyr ikkje at kvinner er mindre ambisiøse, men at dei ofte vel andre finansielle strategiar, seier NHH-forskar Mariya N. Ivanova. Foto: Sigrid Folkestad
Av Sigrid Folkestad

6. mars 2026 13:24

Konkurs på CV-en kan gjere nye selskap meir risikable

Kva skjer når eit selskap tilset ein toppleiar eller styremedlem som tidlegare har vore involvert i ein konkurs? Ifølgje ei studie frå Mariya N. Ivanova er svaret: høgare finansiell risiko.

Ein konkurs på CV-en til ein leiar kan sjå ut som eit avslutta kapittel.

Ny forsking tyder på at det likevel kan påverke korleis selskap blir drivne mange år seinare. Og konsekvensane kan vere ulike for kvinner og menn.

I ei stor studie av svenske private selskap finn forskarane bak artikkelen Yesterday is history, tomorrow is a mystery (sjå fakta) eit tydeleg mønster.

Resultata våre viser at erfaring med konkurs ikkje berre høyrer fortida til.

Mariya N. Ivanova

Selskap med styremedlemmer eller toppleiarar som tidlegare har opplevd konkurs, tek på seg meir gjeld, held mindre kontantar og står overfor både høgare konkursrisiko og høgare lånekostnader.

Blir ikkje verande i fortida

– Resultata våre viser at erfaring med konkurs ikkje berre høyrer fortida til, seier Mariya N. Ivanova, førsteamanuensis ved Institutt for rekneskap, revisjon og rettsvitskap ved NHH.

Referanse:

 Yesterday is history, tomorrow is a mystery: Directors’ and CEOs’ prior bankruptcy experiences and the financial risk of their current firms er publisert i Journal of Business Finance and Accounting. Av Mariya N. Ivanova, Henrik Nilsson, Milda Tylaite. 

– Det ser ut til å vere knytt til kor mykje risiko leiarar er villige til å ta i nye roller.

Funna støttar teorien om "underliggjande risikopreferansar". Kort sagt kan leiarar som endar opp i konkursramma selskap, allereie ha høgare risikotoleranse. Desse preferansane kan også prege vala dei tek i nye selskap.

– Vi finn at konkurs­erfaring fungerer som eit signal, forklarer Ivanova.

– Selskap med slike leiarar er i gjennomsnitt finansielt meir risikable enn samanliknbare selskap utan dei.

Kvinner, menn og risiko i styrerommet

Studien dokumenterer også kjønnsforskjellar i finansielle beslutningar i selskap.

Mariya N. Ivanova, førsteamanuensis ved Institutt for regnskap, revisjon og rettsvitenskap, NHH.
Mariya N. Ivanova, førsteamanuensis ved Institutt for regnskap, revisjon og rettsvitenskap, NHH. Foto: Sigrid Folkestad

Selskap leia av kvinnelege toppleiarar fører i gjennomsnitt ein meir konservativ finanspolitikk, med lågare gjeldsgrad og større kontantbehaldning, enn selskap leia av menn. Dette samsvarar med ei omfattande forsking som viser at menn i gjennomsnitt er meir tilbøyelege til å ta finansiell risiko.

– Kjønn framstår som ein systematisk faktor i korleis selskapsrisiko blir handtert. Det betyr ikkje at kvinner er mindre ambisiøse, men at dei ofte vel andre finansielle strategiar.

Kjønn framstår som ein systematisk faktor i korleis selskapsrisiko blir handtert.

Mariya N. Ivanova

Funna tyder på at kjønn spelar ei rolle ikkje berre for kven som når topposisjonar, men også for korleis makt blir utøvd når ein først er der. Dette perspektivet er relevant i diskusjonar om leiing, mangfald og risikotaking i næringslivet.

Gir signal om risiko

Studien ser også på dei personlege konsekvensane av konkurs for leiarar.

Sjølv om toppleiarar og styremedlemmer involverte i konkursar opplever inntektstap, er desse effektane vanlegvis mellombelse.

Gifte kvinner endra økonomien – utan å skyve menn ut

Det var ikkje «kvinner i arbeidslivet» som endra økonomien. Det var gifte kvinner.

– Dei økonomiske konsekvensane avtek over tid. Det kan vere ei forklaring på kvifor vi ikkje ser at konkurs­erfaring fører til meir forsiktig åtferd seinare.

Samla sett tyder resultata på at informasjon om leiarar sine tidlegare konkursar kan vere verdifull også utanfor selskapet der konkursen skjedde.

– I situasjonar der finansiell informasjon er lite transparent, slik det ofte er i private selskap, kan leiarar sine tidlegare erfaringar gi viktige signal om risikoprofilen til eit selskap.

Yosra AleAhmad_sigrid folkestad

Kvifor kjønnsulikskap ikkje forsvinn på jobben?

– Kjønnsforskjellar oppstår sjeldan gjennom éi enkelt avgjerd eller éin regel, seier NHH-forskar Yosra AleAhmad. Ho peikar på tre mekanismar som kan halde ulikskap ved lag.
Jiaying Li_ sigrid folkestad

Når jobbtap i familien utløyser entreprenørskap

Når ein person mistar jobben, kan det få ringverknader langt utover den som blir råka. Ny forsking frå NHH viser at jobbtap i ein familie kan få søsken til å starte eiga verksemd.

Gifte kvinner endra økonomien – utan å skyve menn ut

Det var ikkje «kvinner i arbeidslivet» som endra økonomien. Det var gifte kvinner.