Når jobbtap i familien utløyser entreprenørskap

Eit jobbtap i familien kan få ringverknader langt utover den som blir råka. Jiaying Li finn at risiko blir «delt» i familien – og kan utløyse entreprenørskap. Foto: Sigrid Folkestad
Eit jobbtap i familien kan få ringverknader langt utover den som blir råka. Jiaying Li finn at risiko blir «delt» i familien – og kan utløyse entreprenørskap. Foto: Sigrid Folkestad
Av Sigrid Folkestad

6. mars 2026 13:24

Når jobbtap i familien utløyser entreprenørskap

Når ein person mistar jobben, kan det få ringverknader langt utover den som blir råka. Ny forsking frå NHH viser at jobbtap i ein familie kan få søsken til å starte eiga verksemd.

Tenk deg ein familie der ein av søskena brått mistar jobben i ei større nedbemanning. Ny forsking viser at eit slikt sjokk kan få ringverknader i familien:

Det kan få andre til å revurdere eiga jobbsikkerheit – og i nokre tilfelle starte si eiga verksemd.

Referanse:

I artikkelen When Unemployment Risk Spreads: Family Spillovers and Entrepreneurship avdekkjer Jiaying L ein ny kanal for korleis sosiale nettverk formar entreprenørskap: overføring av arbeidsløyserisiko. Ved hjelp av rike administrative registerdata frå Noreg viser ho at jobbtap som følgje av konkurs aukar sannsynet betydeleg for at søsken går inn i entreprenørskap.

I ein ny studie undersøker Jiaying Li korleis plutseleg arbeidsløyse aukar den opplevde risikoen for å miste jobben i familien, og i kva grad dette påverkar søsken sine val om å gå inn i entreprenørskap.

Jiaying Li er postdoktor ved Institutt for finans ved NHH.

Norske registerdata

Ved hjelp av detaljerte norske registerdata viser studien at jobbtap som følgje av masseoppsseiingar kan utløysa entreprenørverksemd i familiar.

– Når ein person mistar jobben, aukar sannsynet betydeleg for at søsken startar eiga verksemd, seier Li.

I gjennomsnitt aukar sannsynet med rundt 20 prosent.

Når ein person blir fortrengd frå arbeidsmarknaden, aukar sannsynet betydeleg for at søsken startar eiga verksemd.

Jiaying Li

Kjønnsforskjellar

Studien avdekkjer òg tydelege kjønnsforskjellar. Ringverknadene er til stades både når det er ein mann og ei kvinne som mister jobben i ei masseoppsseiing. Likevel viser analysen at det oftare er mannlege søsken som går over i entreprenørskap.

– Effekten er sterkast blant mannlege søsken og blant dei som er relativt unge, forklarer Li.

Samtidig finn forskarane teikn til at kvinnelege søsken reagerer annleis. Når jobbtap skjer under økonomisk press, ser responsen blant kvinner ut til å vere svakare – og i nokre tilfelle motsett.

Jiaying Li er postdoktor ved Institutt for finans ved NHH.
Ved hjelp av norske registerdata viser Jiaying Li at masseoppsseiingar kan sende signal om risiko gjennom familienettverk og påverke val av yrkesveg Foto: Sigrid Folkestad

Dreve av risikospreiing

Funna kan ikkje forklarast av lokale forhold på arbeidsmarknaden eller bransjespesifikke sjokk. Auken i etableringar står seg også når det blir kontrollert for økonomiske utviklingstrekk på tvers av bransjar, yrke, kommunar og over tid.

I staden peikar studien på familienettverk som ein viktig kanal for korleis informasjon om arbeidsløyserisiko blir spreidd.

Entreprenørresponsen er sterkare når søsken arbeider i same bransje eller har same yrke.

I slike tilfelle kan arbeidsløyse i familien få søsken til å stille spørsmål ved tryggleiken i lønnsarbeid.

Jiaying Li

Sårbarhet

– Desse mønstera er i tråd med at jobbtap sender eit meir informativt signal om sårbarheit i arbeidsmarknaden til familiemedlemmer som jobbar i nært relaterte marknader, seier ho.

Søsken som sjølve arbeider i verksemder med økonomiske utfordringar – til dømes høg gjeld eller svak salgsvekst – reagerer òg sterkare. Dette tyder på at eit jobbtap i familien kan få søsken til å revurdere eigne jobbutsikter.

– I slike tilfelle kan arbeidsløyse i familien få søsken til å stille spørsmål ved tryggleiken i lønnsarbeid og vurdere entreprenørskap som eit alternativ, legg Li til.

Ei oversett side ved arbeidsløyse

Eg meiner resultata løfter fram ein tidlegare oversett sosial dimensjon ved arbeidsløyserisiko.

Jiaying Li

Det finst ingen teikn til auka satsing på gründerverksemnd i dei aktuelle familiane før jobbtapet skjer. Det styrkjer tolkinga av at det er sjølve sjokket som driv effekten.

– Eg meiner resultata løfter fram ein tidlegare oversett sosial dimensjon ved arbeidsløyserisiko. Den understrekar kor viktig det er å ta omsyn til familieeffektar når ein vurderer dei breiare økonomiske konsekvensane av økonomiske problem i verksemder.

Mariya N. Ivanova

Konkurs på CV-en kan gjere nye selskap meir risikable

Kva skjer når eit selskap tilset ein toppleiar eller styremedlem som tidlegare har vore involvert i ein konkurs? Ifølgje ei studie frå Mariya N. Ivanova er svaret: høgare finansiell risiko.
Yosra AleAhmad_sigrid folkestad

Kvifor kjønnsulikskap ikkje forsvinn på jobben?

– Kjønnsforskjellar oppstår sjeldan gjennom éi enkelt avgjerd eller éin regel, seier NHH-forskar Yosra AleAhmad. Ho peikar på tre mekanismar som kan halde ulikskap ved lag.

Gifte kvinner endra økonomien – utan å skyve menn ut

Det var ikkje «kvinner i arbeidslivet» som endra økonomien. Det var gifte kvinner.