Gifte kvinner endra økonomien – utan å skyve menn ut

Frå heimeverande husmødrer på 1950-talet til massiv yrkesdeltaking blant gifte kvinner: Det store skiftet skjedde ikkje blant single kvinner, men då gifte kvinner gjekk inn i lønna arbeid, viser forsking frå Jonna Olsson. Foto: Atelier Rude / Oslo museum
Frå heimeverande husmødrer på 1950-talet til massiv yrkesdeltaking blant gifte kvinner: Det store skiftet skjedde ikkje blant single kvinner, men då gifte kvinner gjekk inn i lønna arbeid, viser forsking frå Jonna Olsson. Foto: Atelier Rude / Oslo Museum
Av Sigrid Folkestad

6. mars 2026 13:23

Gifte kvinner endra økonomien – utan å skyve menn ut

Det var ikkje «kvinner i arbeidslivet» som endra økonomien. Det var gifte kvinner.

jonna olsson
Førsteamanuensis ved Institutt for samfunnsøkonomi, Jonna Olsson.

Ein gong i tida var det vanleg at far i familien stod for inntekta. Så gjekk stadig fleire gifte kvinner ut i lønna arbeid.

Frå byrjinga av 1960-åra til midten av 1990-åra steig yrkesdeltakinga blant gifte kvinner med rundt tretti prosentpoeng. I same periode var yrkesdeltakinga blant single kvinner uendra.

Dette fekk ei svært viktig rolle i kor raskt økonomien tok seg opp att etter kriser.

Motor for stabilitet

– Dei har vore ein motor for økonomisk stabilitet, seier Jonna Olsson, førsteamanuensis ved Institutt for samfunnsøkonomi.

Då gifte kvinner si yrkesdeltaking gjekk i veret, bidrog det til at sysselsetjinga tok seg raskare opp att etter økonomisk krevjande periodar.

– Då denne veksten seinare stoppa opp, fekk det fekk konsekvensar for heile økonomien.

Dette kjem fram i på artikkelen "Singles, Couples, and Their Labor Supply: Long-Run Trends and Short-Run Fluctuations" (sjå faktaboks). 

Ikkje kvinner generelt – men gifte kvinner

Funna utfordrar korleis offentleg debatt ofte omtalar «kvinner i arbeidslivet» som éi og same gruppe.

– Dette er ikkje berre ei historie om likestilling. Det handlar også om hushaldssamansetjing, forsikring innad i familiar og makroøkonomisk dynamikk, seier Olsson.

I fleire tiår har forsking peika på auken i kvinner si yrkesdeltaking som ei av dei viktigaste endringane i arbeidsmarknaden i det 20. hundreåret. Men Olsson si forskning viser altså noko anna: 

Det var ikkje slik at kvinner plutseleg gjekk inn i arbeidsmarknaden.

Jonna Olsson

– Det var ikkje slik at kvinner plutseleg gjekk inn i arbeidsmarknaden, forklarer ho.

– Single kvinner arbeidde allereie. Den verkeleg store endringa kom då gifte kvinner i stort tal gjekk inn i lønna arbeid.

Singles, Couples, and Their Labor Supply: Long-Run Trends and Short-Run Fluctuations. Jonna Olsson er eineforfattar av artikkelen, som er publisert i American Economic Journal: Macroeconomics. Publiseringa kvalifiserer til NHH si forskingsbonusordning og speglar tidsskriftet sin svært høge vitskaplege status. Artiklar på dette nivået med éin forfattar er sjeldne.

Utviklinga skjedde ikkje på bekostning av menn.

– Gifte menn vart ikkje fortrengde frå arbeidsmarknaden av ektefellane sine. Dette var ikkje eit nullsumspel.

Frå éin forsørgjar til to

Når gifte kvinner gjekk inn i lønna arbeid, voks det fram eit nytt hushaldsmønster: toinntektsfamilien.

Det endra også korleis familiar handterte økonomisk risiko.

– Med to potensielle inntekter vart hushalda betre sikra mot inntektssjokk, forklarer Olsson.

Ved å inkludere kjønn og hushaldssamansetjing i ein makroøkonomisk modell, viser forskinga korleis desse endringane påverka økonomien breiare. Den sterke veksten i gifte kvinner si yrkesdeltaking bidrog til at sysselsetjinga tok seg raskt opp att etter lågkonjunkturar før 1990.

Meir enn ei likestillingshistorie

Då denne veksten seinare bremsa opp, gjekk også oppgangane etter kriser tregare.

Dette er ikkje berre ei historie om likestilling.

Jonna Olsson

Å vere klar over desse mekanismane er viktig, meiner Olsson: 

– Skal vi forstå kvifor økonomien utvikla seg annleis før, og korleis vi kan gjere arbeidsmarknaden meir robust framover, må vi ta hushalda på alvor, ikkje berre sjå på kjønn isolert, seier Olsson.

«Trad wife»-idealet

– I media og på sosiale plattformer dukkar det igjen opp debattar om «trad wife»-ideal og ei mogleg tilbakevending til éininntektsfamiliar. Korleis ser du på fenomenet? 

– Frå eit makroøkonomisk perspektiv ville eg vere varsam med å overdrive betydninga av denne trenden. Sjølv om «trad wife»-idealet er synleg i sosiale medium, finst det så langt lite som tyder på at fenomenet er utbreidd nok til å påverke samla arbeidstilbod eller makroøkonomisk utvikling.

– På individnivå er likevel lærdommen tydeleg: Ei eiga inntekt gir fridom, motstandskraft og sjølvstende – både på kort sikt og gjennom livsløpet.

Jiaying Li_ sigrid folkestad

Når jobbtap i familien utløyser entreprenørskap

Når ein person mistar jobben, kan det få ringverknader langt utover den som blir råka. Ny forsking frå NHH viser at jobbtap i ein familie kan få søsken til å starte eiga verksemd.
Mariya N. Ivanova

Konkurs på CV-en kan gjere nye selskap meir risikable

Kva skjer når eit selskap tilset ein toppleiar eller styremedlem som tidlegare har vore involvert i ein konkurs? Ifølgje ei studie frå Mariya N. Ivanova er svaret: høgare finansiell risiko.
Yosra AleAhmad_sigrid folkestad

Kvifor kjønnsulikskap ikkje forsvinn på jobben?

– Kjønnsforskjellar oppstår sjeldan gjennom éi enkelt avgjerd eller éin regel, seier NHH-forskar Yosra AleAhmad. Ho peikar på tre mekanismar som kan halde ulikskap ved lag.