Treng raskare innkjøp av forsvarsmateriell
Regjeringa vil ha ei ny lov om forsvars- og tryggingsinnkjøp, slik at Noreg raskare kan kjøpe forsvarsmateriell. Ei ekspertgruppe med Malin Arve som medlem, skal greie ut forslag til lova.
Bakgrunnen for at Forsvarsdepartementet har sett ned ei ekstern arbeidsgruppe, er den politiske usikkerheita i Europa. Arbeidsgruppa er sett ned etter ei tilråding frå Anskaffelsesutvalget som jobba med forenkling av regleverk knytt til innkjøp.
– Forenkling og effektivisering av anskaffingsprosessar er særleg viktig på grunn av den nåverande tryggingspolitiske situasjonen i Europa, for å korte ned tida det tar å kjøpe forsvarmateriell, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) i ei pressemelding.
Professor ved Institutt for foretaksøkonomi og prorektor for forskning ved NHH Malin Arve er utnemnt til medlem av arbeidsgruppa.
Mandat:
1. Utgreiinga skal laga eit forslag til ny lov om forsvars og tryggingsinnkjøp
2. Utgreiinga skal vurdera korleis ei ny lov om forsvars- og tryggingsinnkjøp skal samvirke med føresegnene til tryggingslova om tryggleiksgraderte innkjøp og bidra til forenkling for offentlege styresmakter og leverandørar
3. Utgreiinga skal sørgja for at dei særlege forholda som gjeld for forsvars- og tryggingsinnkjøp blir varetekne innanfor rammene av EØS-retten og WTO-retten og
4. Utgreiinga skal vurdera behovet for ytterlegare tilpassingar i ny forsvars- og tryggingsanskaffingslov som følgje av den noverande tryggingspolitiske situasjonen i Europa
Håndheving av regelverket for offentlige anskaffelser
Arbeidsgruppa
Marianne Dragsten, partnar i Vaar, leiar arbeidsgruppa. Medlemmer: Kjersti Holum Karlstrøm (partnar i SANDS), Alf Amund Gulsvik (partnar i CMS Kluge), Tor Martin Joramo Sikkeland (rådgivar i Forsvarsmateriell), Kirsti Mengshoel (advokat/Legal Counsel i NAMMO) og Malin Arve (professor ved NHH).