Landbruksoppgåve vinnar av Lehmkuhlstipendet
Hans Kristian Engmark og Aleksander Erstad er vinnarar av Lehmkuhlstipendet for masteroppgåve om korleis bønder kan bruke programmering til å planlegge produksjonen.
Lehmkuhlstipendet
- Lehmkuhlstipendet blei oppretta 1. mai 1920.
- Fondet deler ut stipend til NHH-studentar eller nyleg uteksaminerte kandidatar som viser særlege evner som kan fremme norsk næringsliv innan fagområda innovasjon og entreprenørskap.
- Masteroppgåva skal enten være knyta til nye produkt/tenester eller til nye forretningsmodellar.
Masterstudentane Hans Kristian Engmark og Aleksander Erstad får 25 000 kr i stipend for masteroppgåva «Decision Making in Norwegian Dairy Farming Using Mathematical Programming - Maximising Farmer’s Gross Margin Under Subsidy Regulations».
Lehmkuhlstipendet delast ut årleg til NHH-studentar eller nyleg uteksaminerte kandidatar som har utmerka seg og som har satsa på innovasjon og/eller entreprenørskap. Stipendet blei delt ut etter Lehmkuhlførelesinga med seriegründer Henrik Lie-Nilsen.
Vinnarane har master i økonomi og administrasjon med spesialisering innan «Business Analytics». Rettleiarar for oppgåva var Mario Guajardo og Julio Cesar Góez frå Institutt for foretaksøkonomi.
Komplekst reguleringsregime
Masteroppgåva til Engmark og Erstad handlar om landbruksnæringa, ei næring som er i sterk endring, med stadig konsolidering av produksjon og økt produktivitet.
Samtidig er næringa underlagt eit svært komplekst reguleringsregime, med utgangspunkt i ulike mål som effektivitet, forsyningssikkerhet, distriktspolitiske omsyn og bærekraft.
– Vinnaroppgåva har gjennom avanserte metodar frå matematisk programmering laga eit beslutningsstøttesystem som gjer det enklare for bønder å planlegge produksjonen, sa Geir Mikalsen frå Bergen Næringsråd, som leste opp grunngjevinga på vegne av juryen i Kristofer Lehmkuhls fond.
Juryen bestod av Therese Sverdrup, Geir Mikalsen, Endre Bjørndal, Aksel Mjøs og Bram Timmermans.
Kan bli tatt i bruk av næringa
Vidare i grunngjevinga blei det framheva at vinnarane demonstrerer god innsikt, både om tidlegere forsking og praktiske forhold i næringa og dei viser at dei kan bruke avanserte modellverktøy.
– Ved hjelp av konkrete case viser dei korleis resultat frå planleggingsmodellane kan brukast i praksis og dei presenterer tekniske løysingar for å implementere eit beslutningsstøttesystem som kan bli gjort tilgjengelig for heile næringa, sa Mikalsen.
Juryen avslutta grunngjevinga med at oppgåva fremmer innovasjon:
– Oppgåva bidrar til nyskapning og innovasjon i næringa og er i seg sjølv ein god forretningsidé, sa Mikalsen.