Høg aktivitet på Forskningsdagene
Debatt om norske leiarar, Forsker Grand Prix og foredrag til unge om berekraftig forbruk. NHH har deltatt på Forskningsdagene.
Tysdag 24. september var det debatt på Bergen Offentlige Bibliotek med tema «Treng vi 200 000 leiarar?».
Ifølge SSB har vi cirka 200 000 sjefar på ulike nivå. Svært mange av dei er menn og dei er mellomleiarar som skal følge toppsjefen sine avgjersler og skape motivasjon blant dei tilsette.
I eit arbeidsliv med mange høgt utdanna menneskjer som er sjølvstendige og som jobbar i team, treng vi sjefar som skal motivere og ta avgjersler?
I debatten deltok prorektor for nyskaping og utviklingsarbeid, Therese E. Sverdrup, Monica Rydland, forsker ved SNF og programdirektør for NHH Executive og Tom Georg Olsen, partner i IT-konsulentselskapet Miles. Ordstyrar var Marius Jones, stipendiat ved Institutt for strategi og ledelse.
Paneldeltakarane diskuterte blant anna forskjellen mellom leiing og leiarar og at leiing ikkje nødvendigvis må bli gjort av sjefar i ein organisasjon.
Les også:
Konkurrerte mot ni andre
Onsdag 25. september deltok stipendiat Bård Fyhn, ved Institutt for strategi og ledelse, i formidlingskonkurransen Forsker Grand Prix. Han snakka i fire effektive minuttar om kvifor psykologisk tryggleik er viktig i team og konkurrerte mot ni andre.
Fyhn er siviløkonom frå NHH, har gått Sjøkrigsskolen og har erfaring frå operativ teneste og leiarutvikling gjennom 15 år i Forsvaret.
Fyhn gjekk ikkje vidare til den nasjonale finalerunda i Stavanger 28. september, men fekk gode tilbakemeldingar frå dommarpanelet som bestod av Solfrid Bratland-Sanda frå Akademiet for yngre forskere, Kjetil H. Dale frå TV2 og Lykke Kristine Moen frå Hordaland Teater.
Les også:
Tre tips til psykologisk trygghet
snakka til ungdom om bærekraft
Torsdag 26. september var Siv E. Rosendahl Skard ved Institutt for strategi og ledelse på Forskningsdagene UNG. Der snakka ho om berekraftig forbruk og gapet mellom gode intensjonar og faktiske val til elevar frå ulike vidaregåande skuler i Bergen.
Skard fortalte elevane at dei fleste forbrukarar vil seie at dei ønskjer å ha eit meir berekraftig forbruk, men at det er eit gap mellom det folk seier at dei ønsker å gjere og det dei faktisk gjer. Det finnast altså mange barrierar mot å velje «grøne» alternativ i marknaden, sjølv om forbrukerane ønskjer å bli meir «grøn».
På bolken til Skard om bærekraft var det om lag 250 påmeldte elevar. På heile Forskningsdagene UNG i Bergen, fordelt over fire bolker, var antallet 660.