NHH alumna omkom i flyulukke
NHH har motteke den triste meldinga om at tidlegare student Karoline Aadland er blant dei omkomne etter flyulukka i Etiopia søndag 10. mars.
Karoline Aadland (28) var student ved NHH fram til våren 2018.
Ho var på oppdrag for arbeidsgjevaren sin, Røde Kors, då ulukka hende.
Det er sett opp eit minnebord for Karoline i foajeen utanfor Servicesenteret i NHH sitt hovudbygg.
Dersom du treng nokon å snakka med i samband med hendinga, er psykolog tilgjengeleg via studentsamskipnaden Saman på telefon 932 63 776.
Studentprestane i Bergen kan også kontaktast på telefon eller e-post.
Kontaktinformasjon til studentprestane i Bergen
NHH vil uttrykkje sorg over Karolines bortgang og den djupaste medkjensle med Karoline sine pårørande.
NHH gjorde intervju med Karoline Aadland medan ho var student og praktikant i Unicef i januar 2018: