Første HRM-workshop med Equinor
Equinor og NHH har no hatt sitt første møte om prosjektet Kompetansebedriften. – Vi gleder oss til fortsetjinga, seier forskingsleiar.
Torsdag 10. mai var partane samla til workshop ved NHH. Kompetansebedriften er eit av tre forskingsprosjekt i Akademia-avtalen mellom Equinor og NHH.
– Kompetansebedriften skal få fram vitskaplege publikasjonar og bidra med relevant kunnskap for Equinor, seier seniorforskar ved Samfunns- og næringslivsforskning (SNF) og leiar av forskingsgruppa, Torstein Nesheim.
Prosjektet er femårig, og i denne perioden skal NHH skal forske på HRM-tema, som fleksibel bruk av personell og kompetanseutvikling i store organisasjonar.
HRM står for Human Resource Management, med kjerneaktivitetar som bemanning, talentleiing, rekruttering, prestasjonsmåling, utvikling og belønning.
På første workshop deltok forskergruppa frå NHH og kontaktpersonar innan HR i Equinor for å planlegge det vidare arbeidet.
– På første samling konsentrerte vi oss om å utarbeide detaljerte problemstillingar, sikre tilgang til relevante data for forsking og diskutere korleis vi kan samarbeide framover. Vi gleder oss til fortsetjinga, seier Nesheim.
Om Akademia-avtalen
Akademia-avtalen er ei ordning Equinor har med fleire norske universitet. FOR NHH, inneber avtalen sju millionar kronar i året i ein periode på fem år.
Formålet er å bidra til forsking som er strategisk viktige fag- og kompetanseområder for NHH og Equinor.