Chi antatt i prestisjetidsskrift
Chang-Koo Chi har fått publisert studien «All-pay Auctions with Affiliated Binary Signals» i Journal of Economic Theory.
Chang-Koo Chi er postdoktor ved Institutt for samfunnsøkonomi og forskar ved Centre for Business Economics ved NHH.
Studien «All-pay Auctions with Affiliated Binary Signals» er eit samarbeid mellom Chi, førsteamanuensis Pauli Murto og professor Juuso Välimäki, begge ved Aalto University.
Den vitskaplege artikkelen er publisert på nettstaden til Journal of Economic Theory, og er no under publisering i sjølve tidsskriftet. Dette er ein av dei høgast rangerte journalane i økonomifaget og er rekna for å vera leiande innan økonomisk teori. Difor ligg den på NHH si eksklusive liste over bonustidsskrift. Publisering i eit slikt utløyser ein bonus på 80 000 kronar til NHH-forskarar.
Er du interessert i å lese korleis Chi forklarar studien, gå til engelsk side.