Kaarbøe vann pris for studie
NHH-professor Katarina Kaarbøe blei nyleg kåra til vinnar av Emarald Literati Awards for ein artikkel om korleis det kan oppstå spenningar mellom topp- og mellomleiarar når ei krise rammar bedrifta.
Katarina Kaarbøe har skrive artikkelen «Tensions in managerial attention in a company in crisis: How tightening budget control resulted in discomfort zones for line managers» saman med professor Anatoli Bourmistrov ved Nord Universitet.
Artikkelen, basert på ein feltstudie, får solid ros frå forlaget.
– Gratulerer, din artikkel er kåra som vinnar som ein av dei mest eksepsjonelle stykke arbeid vårt team har sett gjennom 2017, skriv forlaget i ein epost til Kaarbøe.
Det er Emerald Publishing, eigar av tidsskrift innan felt som leiing, rekneskap, logistikk og HR, som står bak prisane «Awards for Excellence».
Artikkelen til Kaarbøe blei publisert i Journal of Accounting & Organizational Change, eit tidsskriftet på nivå 2 på den såkalla ABS-lista (1-4).
Kaarbøe er professor ved Institutt for regnskap, revisjon og rettsvitenskap, ho er forsker ved forskningssenteret FOCUS /ACTION ved NHH.