Disputas: Digitale plattformer og vertikale marknader
Atle Haugen disputerer for PhD-graden ved NHH 3. oktober 2023 med avhandlinga «Essays on industrial organisation: Digital platform competition, technology licensing, and vertical markets"».
Avhandlinga til Atle Haugen inneheld fire kapittel som tar for seg næringsøkonomiske emne innanfor digitale plattformer og vertikale marknader.
Det første kapittelet adresserer korleis konkurranse mellom digitale plattformer blir påverka av målrettingsteknologiar, strengare personvernregulering og kor mange abonnement kundane kjøper. Sidan målrettingskvaliteten aukar dess meir data ein puttar inn i teknologien, er det desto viktigare for plattformene å tiltrekke seg fleire brukarar. Der tidlegare forsking har vist at målretting kan føre til ein veldig sterk konkurranse når brukarane berre abonnerer på éi plattform av gangen, viser vi at likevektsprofitten er høgare med målretting enn utan når vi tillèt brukarane å abonnere på fleire plattformer samstundes.
Det andre kapittelet studerer konkurranseeffektane av krysslisensiering mellom digitale plattformer. Krysslisensiering legg til rette for teknologioverføring, som fremjar konkurranse og innovasjon. Likevel veit vi frå studiar på tradisjonelle marknader at denne type avtalar også potensielt har konkurranseskadelege effektar, og slik gir insentiv til auka prisar.
I ein modell for tosidige marknader, finn Haugen at krysslisensiering er mindre konkurranseskadeleg når det er positive nettverkseffektar, og i ytste konsekvens at prisane kan falle med lisensavgifta, som følgje av at plattforma internaliserer nettverkseffektar.
Det tredje kapittelet studerer insentiva til leverandørar og detaljistar i vertikale marknader når innsidealternativ fører til prisdiskriminering i favør av større detaljistar. Eksisterande faglitteratur gir eintydige resultat; ein leverandør vil ønske å binde seg til uniform prising, og forbrukarane blir skadelidande. Det Haugen og medforfattarane viser - med ein modell med endogene innsidealternativ – er at resultatet er meir tvitydig når ein opnar for differensiering på detaljistleddet. Det fjerde og siste kapittelet presenterer eit undervisningsopplegg for å lære vekk sentrale omgrep i økonomifaget til økonomistudentar. Undervisingsopplegget skal stimulere til aktiv læring og diskusjonar om mellom anna teknologilisensiering og immaterielle rettar.
Kommende disputas: Om økonomiske pensjonsbeslutninger
Rettleiarar:
Professor Øystein Foros (hovudrettleiar), Institutt for foretaksøkonomi, NHH
Professor Steffen Juranek, Institutt for foretaksøkonomi, NHH
Tid og stad:
3. oktober, Jebsen-senteret, NHH
Prøveførelesinga startar klokken 10:15 og disputasen klokka 12:15
Tema for prøveførelesing:
Click-and-mortar: Implications for consumer behavior and firm competition
Bedømmelseskomiteen:
Professor Mohammed Mardan, (leder for komiteen), Institutt for foretaksøkonomi, NHH
Førsteamanuensis Anna D’Annunzio, Toulouse Business School
Førsteamanuensis Teis Lunde Lømo, Høgskulen på Vestlandet
Om kandidaten:
Atle Haugen har vært stipendiat ved Institutt for foretaksøkonomi, NHH