Kvaløy inn i klimautval

Ola Kvaløy. Bilde av is som smelter.
Ola Kvaløy er blant medlemene i eit regjeringsoppnemnt klimautval som skal vise korleis Noreg kan bli eit lågutsleppssamfunn i 2050. Foto: Elisabeth Tønnessen / Pexels v. Guillaume Falco
NHH

13. august 2021 13:31

Kvaløy inn i klimautval

Regjeringa har satt ned eit offentleg utval som skal gjere ei utgreiing av vegvala Noreg står overfor for å nå klimamålet for 2050. Professor II Ola Kvaløy er utnemnt til medlem i utvalet.

– Den nyleg publiserte rapporten frå FNs klimapanel viser kor mykje det hastar med å omstille oss til ei lågutsleppsutvikling i tråd med klimamåla i Parisavtala. Det har vi òg sett i sommar med mellom anna flaum i Tyskland og Belgia og skogbrannar i Middelhavsområdet, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

I januar la regjeringa fram ein plan for innrettinga av klimapolitikken dei neste ti åra, slik at vi når klimamåla for 2030. Planen er eit viktig steg på vegen mot at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn i 2050.

Les heile pressemeldinga frå regjeringa

Skal levere NOU

Ekspertutvalet skal leiast av siviløkonomen Martin Skancke. Med seg i 2050-utvalet får han 13 andre ekspertar.

Ola Kvaløy, er dekan og professor i samfunnsøkonomi ved Handelshøgskolen ved Universitetet i Stavanger og professor II ved Norges Handelshøyskole. Han forskar på tema knytt til insentiver, økonomisk åtferd og økonomisk organisering.

Utvalet skal levere ei samla tilråding i form av ein NOU innan 1. november 2023.

Les også:

NHH-professor Ola H. Grytten (foto: Helge Skodvin) er utnevnt til leder av ekspertutvalg som skal vurdere grunnlaget for sammenligne næringsinntekter i jordbruket med lønn for arbeidstakerne.

Grytten utnevnt til leder i ekspertutvalg

NHH-professor Ola H. Grytten er utnevnt til leder av ekspertutvalg som skal vurdere grunnlaget for å sammenligne næringsinntekter i jordbruket med lønn for arbeidstakerne.
Nærings- og fiskeridepartementet har utnevnt en ekspertgruppe på ni medlemmer, inkluder leder. Klima- og miljøøkonom Gunnar S. Eskeland er professor ved Institutt for foretaksøkonomi, NHH. Foto: Paul Amundsen

Vil ha fart i grønne investeringer

Professor Gunnar S. Eskeland er utnevnt av regjeringen som medlem i et ekspertutvalg som skal vurdere vilkårene og markedet for klimavennlige investeringer.