Ei verd av moglegheiter
Vel emne i språk og interkulturell kommunikasjon!
Som student ved NHH har du ei unik moglegheit til å integrera emne i språk og interkulturell kommunikasjon i graden din.
Språkevne og kulturforståing er stadig viktigare i ei globalisert verd, og disse valemna rustar deg til ein karriere i dagens internasjonale næringsliv.
Bachelorstudentar kan velja mellom fem framandspråk:
- engelsk
- fransk
- spansk
- tysk
- japansk
Språkundervisninga er skreddarsydd for deg som NHH-student, med fokus på praktisk og yrkesrelevant språkkompetanse i tillegg til samfunns- og kulturkunnskap.
Masterstudentar som skal på utveksling eller internship og som ønskjer å ta språkemne for å førebu seg til utanlandsopphaldet, kan be om tilgang til desse emna ved å kontakte fsk@nhh.no. Merk at språkemne er på bachelornivå og difor ikkje kan inngå i mastergraden.
Ønsker du å reisa på utveksling til fransk-, tysk- eller spanskspråklege skoler som underviser på lokalspråket må du oppfylla krava til språkkunnskapar.
Gode kunnskapar i framandspråk gjev deg òg moglegheita til å ta ein CEMS-mastergrad.
Ein NHH-grad med dokumenterte språk- og kulturkunnskapar vil gje deg eit solid konkurransefortrinn om du ønsker spennande jobbar i internasjonale miljø.
internship abroad
Internship Abroad-programmet kombinerer praksisopphald i utlandet med fagleg arbeid som lærer deg å observera, skildra og reflektera over kva det inneber å jobba i eit interkulturelt miljø. Me tilbyr òg eit Internship Abroad-emne for masterstudentar. Kvart emne gjev 7,5 studiepoeng.
ANDRE VALGFAG PÅ FSK
Vi har også andre spennende valgfag på instituttet. Du kan se en oversikt her.