Førebu utvekslingsøknaden
Les deg godt opp på søknadskrava til utveksling og vertsinstitusjonen før du søker til utveksling. Her finn du informasjonen du treng til å søka.
Som NHH-student har du moglegheit til å få eit spennande studieopphald i utlandet som ein integrert del av studiane. Eit utvekslingsopphald gjev både sosial og fagleg kompetanse som kjem til nytte i studiane og når du skal ut og søka jobb.
Søknadsfrist 1. februar (master) / 1. juni (bachelor).
Les deg godt opp på søknadskrava til utveksling og vertsinstitusjonen før du søker til utveksling. Her finn du informasjonen du treng til å søka.
Oversikt over studiestader som er tilgjengeleg for utveksling på bachelornivå våren 2025.
Oversikt over studiestader som er tilgjengeleg for utveksling på masternivå hausten 2025 og våren 2026.
Søknadsweb opnar i midten av mai for bachelorstudentar som ønsker å søka om utveksling i påfølgande studieår. Søknadsfrist er 1. juni.
Legg grunnlaget for ein god utveksling så snart du har fått opptak til vertsinstitusjonen . Det er viktig at du har riktig og oppdatert visum, vaksinar og forsikring. Du bør også tenkja på bustad og konfliktnivået i vertslandet du skal til. Lista nedanfor gjer deg tips til korleis du kan førebu deg til utveksling.
Studentar må søka om førehandsgodkjenning av emne du ønsker å ta på utveksling.
Viss du skal reisa på utveksling til Europa, inkludert Tyrkia og Island, deltek du i Erasmus+ programmet. Du er ikkje ein Erasmus+ student om du skal på utveksling til Sveits eller Storbritannia.
Dette treng du å vita når du er på utvekslingsopphald og etter du har kome heim.
I alt har me utvekslingsavtaler med meir enn 190 universitet og handelshøgskular i meir enn 50 land. Det er viktig at du får eit godt fagleg opplegg når du er på utveksling. NHH tilbyr difor berre utvekslingsalternativ som held høg fagleg standard.