Det er ikkje eit krav å ha TOEFL/IELTS test eller anna dokumentasjon på engelskkunnskapar for å søka på dobbelgradprogrammet.
Dersom du får plass på dobbelgradsprogrammet kan vertsuniversitetet ditt kreva dokumentasjon av språkkunnskapar i samband med nominasjon/registrering (vårsemesteret før oppstart). Dette kan du mellom anna stadfesta ved å ha:
- engelsk som morsmål
- ferdig bachelorgrad, der heile graden var tatt på engelsk
- gyldig TOEFL/IELTS-test. Testane er gyldige i maks to kalenderår
Ta kontakt med dobbelgradskoordinator for meir informasjon om konkrete språkkrav ved dei ulike institusjonane.