Dobbelgradsprogrammet

Dobbelgradsprogrammet

Doble moglegheitene – ikkje arbeidsmengda! Ta eitt år ved NHH og eitt år ved eit partnaruniversitet i utlandet, og få to mastergradar på to år.

NHH student ambassadors. Photo: Helge Skodvin

Kvifor velje dobbelgrad?

Ein dobbelgrad passar for deg som vil:

  • få nye faglege perspektiv og byggje ein unik fagleg profil
  • oppleve eit heilt studieår i utlandet og bli ein del av eit nytt studiemiljø
  • byggje eit internasjonalt nettverk og få erfaring som kan opne nye moglegheiter

Programma er lagde opp slik at du kan oppfylle krava til begge gradane utan å gjennomføre to separate masterprogram.

Finn din dobbelgrad

På dei engelske nettsidene våre finn du oversikt over program og partnaruniversitet, krav og informasjon om korleis du søkjer.

Les meir om Double Degree Programme