ENGAGE.EU for studentar

ENGAGE.EU for studentar

Studentar har høve til å delta i ENGAGE.EU via prosjekt, kurs eller modular. Slik kan studentar frå heile Europa møtast, få fagleg kunnskap, og opna auga for nye perspektiv og kulturar.

ENGAGE.EU ONLINE-KURS

UTGÅANDE STUDENTAR

  • Online exchange courses

    Online exchange courses

    ONLINE EXCHANGE INITIATIVE

    LES MEIR OM ONLINE EXCHANGE INITIATIVE

    ENGAGE.EU Online Exchange gjev studentar ved NHH høve til å ta kurs ved eit eller fleire Engage-universitet digitalt. Du vil få delta i eit virtuelt og internasjonalt klasserom, og få høve til å tileigna  internasjonal kompetanse og nye idear med andre europeiske studentar.

    Masterstudentar som ikkje har dratt på utveksling i masterstudiet, eller som vil ta ekstra valfag utanom NHH, kan søkja om å ta fag via ENGAGE.EU. Du kan søkja om å ta kurs ved eit eller fleire universitet innanfor Engage-nettverket samstundes. Du kan få opp til 30 ECTS innpassa i graden din, eller ta valfag ved sida av faga ved NHH. 

    Du søkjer direkte til kvar skule før søknadsfristen kvart halvår, og søkjer til Seksjon for internasjonale relasjonar om førehandsgodkjenning av fag på utveksling som vanleg.

  • Signaturkurs

    Signaturkurs

    HAUSTSEMESTER 2025

    To av dei tilgangsavgrensa masteremna ved NHH i haust er utvikla i samarbeid med våre ENGAGE.EU partnaruniversitet. Det er spennande, tverrfaglege, internasjonale emne som går føre seg online, og som kan inngå som valemne i MØA.

    LES MEIR OM SIGNATURKURSA PÅ NHH SIN NETTSIDA

  • Joint Proramme in Digital Transformation

    Joint Proramme in Digital Transformation

    Er du masterstudent og vil du utvide din kunnskap innan digital strategi, vekst og leiing? ENGAGE.EU-alliansen opnar no for søknader til programmet «Digital Transformation» - ein serie små kurs med innovative perspektiv på den digitale omstillinga, formidla i eit internasjonalt miljø.  Programmet består av online kurs frå januar til juli 2025, og avsluttast med ein fysisk sommar seminar i Mannheim i juli.

    Studentane kan velje mellom åtte ulike kurs frå ENGAGE.EU partnarinstitusjonane (Université Toulouse Capitole, LUISS University, Ramon Llull University - Barcelona, Tilburg University, University of National and World Economy - Sofia, WU Wien, University of Mannheim).

    LES MEIR OM JOINT PROGRAMME IN DIGITAL TRANSFORMATION

korte PROGRAM & event

DOBBELGRADS PROGRAMMET

  • NHH sine dobbelgradsprogram med Engage-partnarar

    NHH sine dobbelgradsprogram med Engage-partnarar

    • Luiss University

      Luiss University

      Dobbelgradprogrammet mellom Luiss University og NHH i Bergen er eit spennande toårig program som i sin heilskap blir undervist på engelsk, og er retta mot studentar som er i gang med første året av Luiss Master i Strategic Management, Innovation and Sustainability eller NHH hovudprofil i Energy, Natural Resources and the Environment (ENE).

      Viss studentane oppfyller dei akademiske krava frå Luiss og NHH, vil dei bli tildelte Master of Science in Economics and Business Administration (MSCEBA) (utferda av NHH) og Master's Degree in Strategic Management, Innovation and Sustainability (utferda av Luiss).

      Programmet er bygd opp på følgjande måte:

      • Det første året blir gjennomført ved NHH 
      • Det andre året blir gjennomført ved Luiss University (Roma)

      Meir informasjon om programmet på NHH si nettside.

      Meir informasjon om programmet på ENGAGE.EU si nettside.

      Meir informasjon om programmet på Luiss University si nettside.

    • University of Mannheim

      University of Mannheim

      Du vil tilbringe den første delen av studia dine ved NHH. I løpet av denne tida bør du ta ein hovudfag (6 kurs) og to valfrie emner. Når du vel kursa dine, bør du allereie bestemme deg for kva fagområde i Mannheim du ønskjer å skrive masteroppgåva di innan: Optimalt sett vil du oppfylle kurskrava for eit forskingsseminar før du kjem til Mannheim ved å ta dei tilsvarande kursa ved NHH.

      Under den andre delen av studia dine vil du studere ved Universitetet i Mannheim, der du vil ta kjernefaga til MMM samt valfrie emner verdt minst 2 ECTS og eit forskingsseminar (7xx-modul). Hugs at du må oppfylle visse akademiske krav for å skrive masteroppgåva. Detaljar kan finnast i seksjon 5 av MMM-modulkatalogen.

      Meir informasjon på NHH si nettsida.

      Meir informasjon på University of Mannheim si nettsida.

STUDENTREPRESENTANtar

Engage.EU har eit eige Board of Learners (BoL) for studentar.

Les meir om arbeidet deira og om NHHs representar

ENGAGE.EU KURSKATALOG

Partnarane i Engage.EU har eit omfattande kurstilbod.

Les meir i kurskatalogen på Engages nettside

 

Kontakt

E-post
engage.eu@nhh.no

Utvida søknadsfrist: 30. mars 2025