Akkrediteringar
Triple Crown
NHH er ein av om lag 125 businesskular globalt som har Triple Crown-akkreditering med både Equis-, AACSB- og AMBA-akkreditering.
EQUIS
European Quality Improvment System - Equis - er eit internasjonalt system for kvalitetssikring, forbetring og akkreditering for utdanningsinstitusjonar innan økonomi og administrasjon. Formålet er å heva standarden på denne typen utdanning.
EQUIS set standardar og måltal og fasiliterer gjensidig læring og internasjonal spreiing av erfaring. NHH har hatt EQUIS-akkreditering sidan 2001, og vart reakkreditert for fem nye år i 2021.
AACSB
AACSB eit akkrediteringsnettverk for verdsleiande handelshøgskular. Under seks prosent av høgskular og universitet som tilbyr handelshøgskuleutdanning er akkreditert. AACSB-akkreditering skal sikre kontinuerleg betring hos den einskilde skule.
For å bli AACSB-akkreditert, må institusjonene gjennom krevjande prosessar for å sikre at skulen har dei ressursane og det engasjementet som krevst for å gje studentar eni førsteklasses, fremtidsretta handelshøgskuleutdanning. NHH vart akkreditert i mai 2022.
AMBA
Association of the MBAs (AMBA) er ein global organisasjon grunnlagt i 1967 som fokuserer primært på internasjonale handelshøgskular. Organisasjonen er ein av tre leiiande akkrediteringsorganisasjonar for økonomiutdanning.
NHH vart AMBA-akkreditert hausten 2020. AMBA-akkrediteringa er spissa mot NHHs Executive MBA-program.