Foreslår differansiering av matvareprisar
– Daglegvarebransjen bør lære av fly- og hotellbransjen når det kjem til prising av varer, sa NHH-professor Frode Steen under NHH Forum tirsdag.
«From Shopkeeper to Data Analyst» var tittelen på årets føredrag under NHH Forum. Her var NorgesGruppen invitert til å snakke om den digitale revolusjonen som har endra forretningsmodellane i bransjen dramatisk.
– Vekst er ekstremt viktig i denne bransjen og vi nyttar data på alle nivå for å forbetre oss, sa marknadssjef Truls Fjeldstad i NorgesGruppen.
– Unik innsikt
Ifølgje han har NorgesGruppen ein fordel samanlikna med for eksempel Facebook når det gjeld å utnytte stordata. Grunnen til dette er at dei så tydeleg kan følgje med på kva produkt kundar brukar pengar på.
– Vi har ei heilt unik innsikt som gjer at vi mellom anna kan tilpasse beskjedar til kvar enkelt kunde. Eksempelvis kan du få opp handlelister i appen basert på dine tidlegare kjøp og få tilpassa rabattkupongar, sa Fjeldstad.
NorgesGruppen er landets største aktør innan daglegvarebransjen. Selskapet har 1800 daglegvarebutikkar og over 800 kioskar og utsal. 40.000 tilsette er tilknytt NorgesGruppen.
Same vare – ulik pris
Professor ved Institutt for samfunnsøkonomi, Frode Steen, meiner NorgesGruppen kan bruke innsikta dei får til å differensiere prisane i større grad.
– Både fly- og hotellbransjen set prisane etter kor stor etterspørselen er. Amazon gjer det same når du søker etter bøker. Kjem du for eksempel tilbake for andre gong for å søke etter ei bok, kan du oppleve å få den til ein rimelegare pris enn første gong du sjekka.
Prisinga av varer i daglegvarebransjen bør følgje etter, ifølgje Steen.
– Når det gjeld daglegvarebransjen veit vi at nokon produkt er meir populære i enkelte deler av landet. Difor meiner eg ein kan vurdere å prise same varer ulikt etter kor i landet dei blir seld, sa Frode Steen.