Babelsk forvirring i Kamerun
Kronikk: - Tospråklegheit er ikkje vanleg i Kamerun. Det er få som snakkar berre to språk, skriv Rolf Theil (UiO) og Johannes Nymark (NHH) i Klassekampen 27. oktober 2011.
Tenk deg at du bur i ein by som heiter Målvik. Fyrstespråket ditt er norsk, og dette språket talar du med familien din og dei næraste grannane. Går du fem minuttar nedover gata, høyrer du finsk rundt deg, og etter endå fem minuttar talar alle russisk.
Når du vil kommunisera med nokon av desse finnane og russarane, tiltalar du dei på engelsk, som er lingua franca i Målvik. Korkje norsk, finsk eller russisk blir nytta noko særleg som skriftspråk. Alle gateskilta i Målvik er skrivne på koreansk, som er det offisielle språket i landet ditt. Då du gjekk på skulen, var koreansk det einaste språket du lærde å lesa og skriva. Du hadde ein lærar som nyleg hadde flytta til Målvik frå ein stad lenger sør i landet. Læraren kunne berre to språk - tysk, som var fyrstespråket hans, og koreansk, det offisielle språket. Då du byrja på skulen, kunne du berre snakka norsk og det lokale lingua franca, engelsk, som du nytta når du var i lag med dei finsktalande leikekameratane dine lenger nede i gata. Men læraren vende seg til deg og dei andre 62 borna i klasseromet på koreansk frå fyrste dagen.
Byter du ut norsk med nizaa, finsk med hausa, russisk med tsjamba, engelsk med fulfulde og koreansk med fransk, er dette ei skildring av den verkelege stoda i mange landsbyar i den nordlege delen av det afrikanske landet Kamerun - til dømes i Galim. Det finst tusenvis av afrikanske landsbyar med ei språkstode som er minst like innfløkt.
Lat oss samanfatta: I éin einskild kamerunsk landsby finn vi ofte mellom fem og ti ulike fyrstespråk. Lat oss kalla desse språka for lokalspråk. Eitt av desse lokalspråka er lokalt lingua franca. I Galim har fulfulde denne funksjonen, og slik er det over det meste av Nord-Kamerun. På grunnskulen er fransk det einaste undervisningsspråket, og blir nytta frå fyrste skuledagen. Fransk er korkje lokalspråk eller lokalt lingua franca, men det offisielle språket i landet. Fransk og engelsk er dei mest utbreidde offisielle språka i afrikanske land.
Kamerun strekkjer seg frå Biafrabukta og opp til Tsjadsjøen og er litt større enn Sverige. Innbyggjartalet er kring 19 millionar. Kamerun er delt inn i ti regionar, og Galim ligg i regionen Adamawa, eit savanneplatå med ei gjennomsnittshøgd på 1000 meter over havet. Sønnafor Adamawa finn vi eit noko lågare regnskogsplatå, og heilt ute ved Biafrabukta er det sump og sletter. Området frå Adamawa og nordover til Tsjadsjøen er eit savannelandskap. Folk i Kamerun seier at fargane i flagget deira representerer desse tre sonene: Det grøne står for regnskogen i sør, det raude for Adamawa-platået i midten og det gule for savannen i nord. Sett i høve til folketalet er Kamerun meir språkleg fragmentert enn noko anna land i verda, bortsett frå Papua Ny-Guinea. Landet har 278 språk, mot 830 i Papua Ny-Guinea.
Området som svarer til Republikken Kamerun, kom under kolonistyre i 1884, då området blei tysk koloni. Etter den fyrste verdskrigen blei landet delt i to mandatområde under Folkeforbundet. Frankrike fekk råderetten over 80 prosent, medan Storbritannia fekk råderetten over 20 prosent langs grensa mot Nigeria. Etter den andre verdskrigen blei mandatområda gjorde om til forvaltingsområde under Dei sameinte nasjonane, men dei blei framleis styrde av dei same to kolonimaktene. I 1960 blei den franske delen ein sjølvstendig republikk, som i 1961 blei slegen i hop med den søre halvparten av den britiske delen. Resten av den britiske delen - ei smal stripe frå regionen Northwest og opp til Tsjadsjøen - blei ein del av Nigeria.
På grunn av denne soga har Kamerun to offisielle språk - fransk i den tidlegare franske delen og engelsk i den tidlegare britiske delen. Det er det einaste afrikanske landet der begge desse tidlegare kolonispråka har offisiell status. Ein kan venda seg til styresmaktene i hovudstaden Yaoundé på både fransk og engelsk - og få svar på same språket. Artikkel 1,§3 i den kamerunske grunnlova definerer offisiell kamerunsk språkpolitikk:
Dei offisielle språka i Republikken Kamerun skal vera engelsk og fransk, og begge språka skal ha den same statusen. Staten skal garantera fremjinga av tospråklegheit i heile landet, og streva etter å verna og fremja nasjonale språk.
Underleg nok skriv grunnlova om tospråklegheit utan å nemna andre språk enn fransk og engelsk. Det er ei kjend sak at store delar av det kamerunske folket er minst tospråklege, utan å meistre engelsk eller fransk. Ein norsk misjonær blei ein gong spurd om tospråklegheit var vanleg i Kamerun. «Nei,» svarte han, «det er svært få som kan snakka berre to språk.»
Religiøst er Kamerun delt i to, med eit muslimsk fleirtal frå Adamawa og nordover og eit kristent fleirtal sønnafor Adamawa. Islam kom til området fyrst og fremst gjennom jihad-ar tidleg på 1800-talet, medan kristendomen kom med europeiske misjonærar i kolonitida, det vil seie frå og med 1880-talet. Mykje av dei opphavlege religionane til dei ulike etniske gruppene er òg levande mange stader.
Islam med arabisk språk og skrift har vore til stades i mange delar av Vest-Afrika i nærare 1000 år. Gjennom koranskulane - eit hierarki av skular, som har byrja med det heilt elementære og enda med universitet - har det blitt utvikla og halde ved lag ein skriftkultur. Jamvel om dei fleste ikkje har drive arabiskkunnskapane lenger enn til å læra større eller mindre delar av Koranen utanboks, finst det mange som har drive dette mykje lenger. I Mali samarbeider norske bibelomsetjarar med muslimske lærde som har sett om bibelen frå arabisk til fulfulde.
Fleire vestafrikanske språk - mellom anna hausa, kanuri og fulfulde - har òg blitt skrive med arabisk skrift i fleire hundre år. Dei eldste eksisterande tekstane på fulfulde i arabisk skrift er bortimot 200 år gamle, men tradisjonen med å skriva afrikanske språk med arabisk skrift er ein god del eldre. Måten det arabiske alfabetet har blitt tilpassa lydsystemet i fulfulde, er så å seia einsarta over heile Vest-Afrika, og det tilseier at vi har å gjera med svært gamle tradisjonar. Det var ein religiøs, muslimsk tradisjon. Adamawa blei tidleg på 1800-talet ein del av Sokoto-kalifatet, grunnlagt av Usumaanu bii Fooduye (1754-1817), ein framståande religiøs og militær leiar og forfattar. Han reiste omkring over store delar av det indre Vest-Afrika, og hadde med seg eit lite bibliotek.
Det latinske alfabetet har mykje kortare tradisjonar i det indre, muslimske Vest-Afrika. Tyskarane koloniserte Kamerun på 1880-talet, etter Berlin-konferansen, der europeiske stormakter og USA blei samde om korleis koloniseringa og handelen i Afrika skulle regulerast, og det var fyrst etter den tida at det latinske alfabetet blei kjent i desse stroka. Med svært få unnatak var det europeiske misjonærar som fyrst tok til å skriva afrikanske språk med det latinske alfabetet. Så å seia alle afrikanske språk som har blitt skriftfeste sidan slutten av 1800-talet, har blitt sette på papiret av misjonærar. På mange afrikanske språk - og svært mange av dei kamerunske - finst det skriftleg litteratur av typen bibeltekstar, annan religiøs litteratur, ABC-bøker, samlingar med folkeeventyr og opplysningslitteratur med titlar av typen «Korleis bli kvitt skabb» eller «Korleis handsama stivkrampe».
Heile Bibelen er sett om til språk som hausa, fulfulde og kanuri - språk med veldig mange talarar. Hausa har om lag 25 millionar fyrstespråkstalarar og 15 millionar andrespråkstalarar i Nigeria, Niger og tilgrensande område, mellom anna Kamerun; kanuri har om lag fire millionar fyrstespråkstalarar og 500.000 andrespråkstalarar i Nigeria og Niger; fulfulde har over 15 millionar fyrstespråkstalarar og fleire millionar andrespråkstalarar over heile Vest-Afrika. Fulfulde er meir oppsplitta i dialektar enn hausa og kanuri, og det finst åtte bibelomsetjingsprosjekt for ulike fulfulde-dialektar i Vest-Afrika. Det Norske Misjonsselskap gav på 1960-talet ut bibeldelar på fulfulde i arabisk skrift. Undersøkingar for nokre tiår sidan viste at kjennskapen til det arabiske alfabetet var mykje meir utbreidd i Nord-Kamerun enn kjennskapen til det latinske alfabetet - trass i at Kamerun har to offisielle språk som blir skrivne med latinske bokstavar.
Kamerun er rikare på språk og kulturar enn dei fleste andre landa i Afrika, særleg ut frå folketalet, men er først og fremst ein illustrasjon på noko allment: Det er den einspråklege staten som er unnataket - av typen Cuba, Island, Nord- og Sør-Korea og nokre endå mindre øystatar. Nasjonalstaten som ei eining tufta på ei språkleg og kulturelt einsarta folkegruppe eksisterer neste berre som ein idé. Afrika har 2110 språk fordelte på 57 statar, heile verda har 6909 språk fordelte på 204 statar.
Røkjer ein nærare etter, finn ein snart ut at riksspråk har eit politisk grunnlag snarare enn eit reint språkvitskapleg. Dei skandinaviske språka dansk, norsk og svensk er gode døme på dette. For ein som er van med å høyra danske, norske og svenske dialektar, er det stort sett ikkje noko problem å forstå dei.
Når reint språkvitskaplege kriterium såleis er utilstrekkelege for å plassera relativt like dialektar i eitt og det same språket, blir det klart for oss at politiske vurderingar er overlag viktige for å avgjera kva som er språk, kva dialektar som høyrer til eit gjeve språk og kva dialektar som ikkje gjer det. Oppfatninga at ein nasjon i sterk grad er tufta på eit sams språk, vann gjenklang i Europa i byrjinga av 1800-talet og skulle sidan bli nytta i politiske kampanjar av ulik politisk farge. Ein tvinga kolonimakta sitt riksspråk på koloniserte land, med det resultatet at tidlegare koloniområde i Afrika framleis har engelsk og fransk som nasjonalspråk.