NHH-professor inn i nytt Nav-utval

katrine v løken_sigrid folkestad
Katrine V. Løken er professor ved Institutt for samfunnsøkonomi og Senter for framifrå forsking FAIR – og prorektor for forsking ved NHH. Foto: Sigrid Folkestad
Av Sigrid Folkestad

25. februar 2026 10:27

NHH-professor inn i nytt Nav-utval

Katrine V. Løken går inn i eit nytt ekspertutval som skal gi råd om korleis Nav bør organiserast i framtida.

700 000 personar i yrkesaktiv alder stod utanfor arbeid og utdanning i fjor, ifølge Nav (2025). Det tilsvarer 20,5 prosent av befolkninga mellom 20 og 66 år.

På denne bakgrunnen har arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng sett ned eit ekspertutval som skal gjennomgå etaten, 20 år etter Nav-reforma.

– Nav sitt hovudoppdrag er å få fleire i arbeid og færre på trygd. Samstundes skal dei som treng hjelp, få han til rett tid. For å lukkast må vi finne ut om Nav er godt nok rigga for framtida. Difor treng vi ein heilskapleg gjennomgang no, 20 år etter Nav-reforma, seier Stenseng i ei pressemelding.

  • Frode Forfang (leiar), tidligere direktør i Utlendingsdirektoratet
  • Tone Fløtten, seniorforsker ved Fafo
  • Talieh Sadeghi, forskningsleder ved Oslo Met
  • Katrine Løken, professor ved NHH
  • Erik Stene, fagdirektør i Helsetilsynet
  • Bjørn Gudbjørgsrud, kommunedirektør i Lillestrøm
  • Liza Øverdal, kommunedirektør i Sokndal
  • Roar Olsen, direktør i Statens graderte Plattformtjenester

Katrine V. Løken er professor ved Institutt for samfunnsøkonomi og Senter for framifrå forsking FAIR – og prorektor for forsking ved NHH.

Ekspertutvalet skal vurdere Nav sine oppgåver og organisering, samarbeid med utdannings- og helsesektoren, samt korleis etaten kan bidra til å førebyggje fråfall og inkludere fleire i arbeidslivet.

Dei skal òg vurdere:

  • potensialet for vidare digitalisering
  • korleis partnarskapet i Nav-kontora kan utnyttast betre
  • om regelverk og struktur hindrar måloppnåing
katrine v. løken_helge skodvin

Slik vil utvalet gjere det enklare å få barn tidlegare

Barnehageplass til alle frå fylte eitt år og ekstra barnetrygd til foreldre under 30 år. Dette er to av tiltaka frå Fødselstallutvalget.
kjell gunnar salvanes

NHH-professor i nytt ekspertutvalg om bostøtte

Bostøtte og sosialhjelp er velferdsstatens siste sikkerhetsnett. Nå skal ordningen gjennomgås grundig. NHH-professor Kjell Gunnar Salvanes er blant ekspertene som skal gi råd til regjeringen.