Den andre olympiaden

 OL-åpning_ IOC Greg Martin
Den olympiske rørsla i moderne tid var i utgangspunktet eit europeisk fenomen. Ser ein på dei som leidde an i starten, var det mange adelege som var med og skipa dei nasjonale komiteane av IOK, skriv Johannes Nymark i Klassekampen. Foto: Opning av OL i Paris (IOC/Greg Martin)
Innlegg

30. juli 2024 10:17

Den andre olympiaden

Før OL i Berlin i 1936 mobiliserte arbeidarrørsla i mange land for ein alternativ folkeolympiade i Barcelona. Så braut borgarkrigen laus.

Det første vesentlege kjenneteiknet på både dei antikke og dei moderne olympiske leikane er at dei er ein religion. Ved å utvikla kroppen sin gjennom trening slik ein skulptør meislar ut ein statue, gjer den antikke atleten ære på gudane. På same måte lovprisar den moderne atleten fedrelandet, rasen og flagget.

Slik skal baron Pierre de Coubertin ha omtala dei klassiske greske og dei moderne internasjonale olympiske leikane, skal vi tru den franske forfattaren Jean M. Bröhm. Tenker vi oss litt om, ser vi at vi at dei tre siste termane er på line med nazistane sine viktigaste symbol. Då er vi langt unna dei olympiske ideala, som mellom anna skal verka for harmoni i samfunnet og for internasjonal fred og fordragelegheit.

Representantar for offisiell sportsideologi har i alle år streka under kor viktig det er at sport skal vera upolitisk. Baron de Coubertin, far til den moderne olympiske komiteen (IOK), som blei skipa i 1894, uttrykte i 1935 at han hadde «inntrykk av at heile Tyskland, frå føraren til den mest sjenerte skuleeleven, ønskjer at olympiaden i 1936 skal bli eit av dei vakraste arrangementa verda nokon gong har sett … Alt i dag vil eg takka den tyske regjeringa og det tyske folket for den innsatsen dei har lagt for dagen til ære for den 11. sommarolympiaden.

fotball_pxhere.com

To suksesshistorier

Det er mykje som borgar for at det kan bli ein fin og interessant kamp mellom Brann og Barça 20. mars, skriv Johannes A. Nymark.

Baron de Coubertin – eller Charles Pierre de Frédy, baron de Coubertin, som var hans fulle namn og tittel – var president i IOK 1896–1925 og var den sterke mannen i komiteen fram til han døydde i 1937. Den moderne idretten voks fram dei siste tiåra i det 19. hundreåret, knytt til utviklinga av industrisamfunnet og det kapitalistiske systemet.

Den olympiske rørsla i moderne tid var i utgangspunktet eit europeisk fenomen. Ser ein på dei som leidde an i starten, var det mange adelege som var med og skipa dei nasjonale komiteane av IOK. Men eigentleg var det borgarskapet, som leiande økonomisk kraft i den kapitalistiske industrialiseringa, som dominerte i utviklinga av sport og idrett i slutten av det 19. hundreåret.

Lenge var all sport amatørmessig, i den forstand at han blei utøvd av folk som elska det dei dreiv med (frå latin ‘amare’ – ‘å elska’). Der borgarskapet vann fram, gav ulike former for idrettslege aktivitetar meining til dei velståande si fritid. At borgarskapet – spesielt industriborgarskapet – spelte ei vesentleg rolle i den tidlege utviklinga av idrett, ser vi klare døme på i dei første skildringane av denne typen aktivitetar, som blei praktiserte privat eller i klubbar som var reserverte for dei høgste gruppene i samfunnet.

Dei første idrettsaktivitetane i Europa var av meir privat, elitistisk karakter og finansierte seg sjølve. Arbeidarrørsla fekk enn så lenge ikkje tilgang til slike fritidssyslar, ganske enkelt fordi dei ikkje hadde noka fritid. Der eksisterte heller ikkje offentlege installasjonar som dei kunne nyta godt av – dei velståande inviterte sjølvsagt ikkje simple arbeidarar med på slikt – og ein konservativ dominert stat tok heller ingen initiativ i så måte.

Den seinare IOK-presidenten (1952–1972) amerikanske Avery Brundage hevdar i memoarane sine at « … leikane [i Berlin 1936] var under total og upartisk internasjonal kontroll, og ein respekterte den fundamentale olympiske norma om ikkje-diskriminering.» Brundage blei i sitt eige heimland USA skulda for pro-nazistiske sympatiar og såg glatt bort frå at nazi-regimet på ein kongress i Nürnberg i september 1935 gjekk inn for «å verna om det tyske blodet» og «einskapen i den ariske rasen».

pele, wikimedia

«Når Pelé sprang, skar han gjennom motstandaren som ein kniv»

Han hadde ein makelaus teknikk, grasiøse rørsler, lure finter, brå variasjonar og eksplosjonar.

Det faktumet at IOK på denne måten gav sin fulle tilslutning til leikane i Berlin, førte til mange initiativ for boikott rundt om i verda. Ein stilte med rette spørjeteikn ved hopehavet mellom den internasjonale olympiske komiteen – med uttalte prinsipp om fred og solidaritet – og Det tredje riket, med sine menneskefiendtlege retningslinjer.

Dei mange trugsmåla om boikott gjorde at det regjerande tyske nazipartiet måtte gi opp planen om å gjennomføra OL utan jødar og svarte. Men naziflagget med hakekors i midten kom til å vaia overalt på stadion og elles der dei ulike arrangementa fann stad.

Ikkje lenge etter Hitler si makt­overtaking i Tyskland i 1933 kom det internasjonale protestar. Først ute var USA, der reaksjonane i første rekkje gjaldt det betente jødespørsmålet. Så vel kvantitativt som kvalitativt var dei jødiske gruppene særs viktige i USA, og alt same året som Hitler kom til makta, uttrykte ein i USA mistru til Berlin-olympiaden. Kampanjane for boikott auka raskt i styrke, noko som gjorde at Brundage ‒ den gongen president i USA sin olympiske komité (AOC) ‒ og hans kumpanar såg seg nøydde til å finna nye argument.

fotball, stadion, pxhere.com

Fotball-VM som teikn i tida

Har vi sove i timen når vi blir fortørna over alt grumset som kjem fram i samband med fotball-VM i Qatar, spør Johannes Nymark i BT.

I AOC sitt namn blei det publisert ein pamflett med tittelen «Fair Play for American Athletes». Her fann ein somme klassiske argument, som at idretten er til for idrettsutøvarane, at ein ikkje må blanda idrett og politikk, at idretten skal tena til å føra menneska saman, og at det politiske regimet i eit land ikkje har noko med dei som organiserer eit idrettsarrangement å gjera.

At det ikkje alltid er like lett å leva opp til desse ideala, fekk vi eit eklatant døme på då Brundage heldt fram med å skulda jødar og kommunistar for boikottkampanjen, heilt i samsvar med proklamasjonane til nazistane sjølve, og for så vidt også andre konservative grupper i Europa. Til slutt klarte likevel pampane i AOC å få gjennom ein resolusjon – med 61 røyster for, 57 imot – for at USA skulle ta del i Berlin-OL i 1936.

Det blei ingen ting av boikottkampanjen som mange land hadde truga med før OL i Berlin i 1936. Derimot tok ein initiativ til å organisera ein alternativ olympiade i Barcelona, som hadde tapt voteringa om OL då det blei røysta over den i 1931. Dette var i ei tid då arbeidaridretten hadde sine eigne organisasjonar skilde frå borgaridretten.

Oppsplittinga i ein offisiell, borgarleg idrett og arbeidaridretten var mange stader total. Partia på høgresida tok generelt parti for den borgarlege idretten og for den fascistiske propaganda-varianten på 1930-talet. Slik var det til dømes i Spania, der så vel Det spanske nasjonalistpartiet (PNE) som Samanslutninga av høgreparti (CEDA) kom med oppmodingar om å støtta Berlin-OL og boikotta Barcelona sin såkalla folkeolympiade.

Til skilnad frå offisielle olympiadar opererte Barcelona-olympiaden med tre kategoriar: nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. Såleis skulle det ikkje dreia seg om berre statleg deltaking. Ikkje-statlege lag kunne også melda seg på. Slik heldt ein døra open for einingar som Alsace og Lorraine, Marokko under fransk dominans og spansk Marokko.

I tillegg la ein opp til jødisk deltaking med representantar frå ulike nasjonar. Når det gjaldt den spanske staten, så tillét ein deltakarar som representerte Spania, Catalonia, Baskarland og Galicia, noko som førte til ramaskrik frå den storspanske nasjonalismen.

I dagane før OL skulle ta til, truga ein transportstreik med å paralysera heile arrangementet. 22 land hadde meldt frå om at dei kom, og kom gjorde dei, i siste liten. «Fredsfesten» blei den kalla, hymna som Josep M. de Segarra hadde skrive til folkeolympiaden og som ein tenkte skulle lyda overalt i den katalanske hovudstaden i veka 19.–26. juli 1936. Som ved ein lagnadens ironi blei den totalt overdøyva av dei fascistiske generalane sine krigstrommer.

Folkeolympiaden måtte avlysast då den spanske borgarkrigen (1936‒1939) starta dagen før arrangementet skulle ta til.

Saman med idrettsleiaren Rolf Hofmo og den mangeårige norske helsedirektøren Karl Evang ‒ som var påmeldt i tennis ‒ var diskoskastaren Rolf Eriksen, opphavleg frå Skogn, med i den om lag 35 mann store troppen til Folkeolympiaden i Barcelona i juli 1936. I Arbeidarolympiaden i Wien i 1931 blei Eriksen nummer to i diskos. Endå betre gjekk det i Arbeidarolympiaden i Paris i 1934, der Rolf Eriksen vann så vel femkamp som diskos og spydkast.

Argentinske flagg, publicdomainpiqtures.net

Maktas ansikt

Høgresida i Argentina nyttar skitne metodar i rettsvesenet og massemedia for å svekka venstresida, skriv Johannes Nymark i Klassekampen.

Av yrke var Eriksen røyrleggjar og omnsreparatør, og han var i tillegg medlem av NKP, Kommuneforbundet og AIF (Arbeidernes Idrettsforbund). Rolf Eriksen blei vitne til korleis Barcelona forsvarte seg mot fascistkuppet heilt frå starten av. Det skal ha vore dette som fekk han til å verva seg i motstandskampen for å redda den spanske republikken.

«Den storvokste atleten blei fin tilvekst til kompaniet, da han utan å anstrenge seg kastet granatane dobbelt så langt som sine medsoldatar», etter det skogningen Johannes Vongraven skreiv.

Eriksen skal ha slutta seg til 11. brigade av Dei internasjonale brigadane. Den 11. brigaden blir ofte omtala som XI Brigada Thälmann, kalla opp etter den tyske kommunistleiaren Ernst Thälmann, som nazistane hadde fengsla alt i 1933. Brigaden var hovudsakleg sett saman av tyskarar, men skandinavar var også med. Den 11. brigaden opererte for det aller meste i det sentrale Spania og verka frå oktober 1936 meir eller mindre til november 1938. I februar 1939 blei den endeleg oppløyst.

Sovjet og Mexico var dei einaste landa som aktivt hjelpte republikken i den spanske borgarkrigen, medan Tyskland og Italia støtta dei fascistisk orienterte opprørarane frå første stund av. Ikkje rart då at det blei ein hard tørn for dei frivillige militsane og brigadane på republikken si side, og at det blei mange traumatiske opplevingar for soldatane.

Slik skal det også ha vore for Rolf Eriksen. Brutaliteten i krigen, artillerield, granatar som slo vilkårleg ned og synet av falne kameratar, alt dette skal samla sett ha blitt for mykje også for ein hardbarka idrettsmann.

Rolf Eriksen skal ha døydd hardt skada på eit lasarett i Valencia i juli eller august 1938, 33 år gamal. Akkurat når eller kva den solidariske olympiaren og diskoskastaren døydde av, veit vi ikkje sikkert.

Innlegget var først publisert i Klassekampen 27. juli 2024.