Tydelegare reglar for fusk

Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) helsar på rektor Øystein Thøgersen då han vitja NHH i juni. Foto: Ingunn Gjærde
Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) helsar på rektor Øystein Thøgersen då han vitja NHH i juni. Foto: Ingunn Gjærde
NHH Av Sigrid Folkestad

2. august 2024 09:38

Tydelegare reglar for fusk

Gjenbruk av upublisert arbeid, og arbeid som ikkje har gitt utteljing, skal framover ikkje reknast som fusk.

Ny universitets- og høgskulelov trer i kraft denne veka. Nær 300 000 studentar og 43 000 tilsette ved universitet og høgskular ei ny og oppdatert lov. 

– Me styrker vernet av akademisk fridom, og me får mellom anna nye og betre reglar for eksamenssensur, fusk, midlertidige stillingar og nedlegging av studiestader, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) i ei pressemelding.

Ei av dei viktigaste endringane for studentar, er nye føringar om fusk. Vi får no ei meir nyansert tilnærming til «sjølvplagiat», der studentar nyttar seg av eige arbeid. Gjenbruk av upublisert arbeid, og arbeid som ikkje har gitt utteljing, skal framover ikkje reknast som fusk.

Eit anna viktig punkt i den nye loven er regelen om sensorar. Kravet om to sensorar på dei eksamenane som betyr mest for studentane blir behaldt, men fjernes for mindre eksamenar.

Andre endringar:

  • Nedlegging av studiestader er ei politisk avgjerd
  • Styrket vern om akademisk ytringsfridom
  • Strammar inn reglane for midlertidige tilsettingar
  • Styrkar norsk fagspråk