Applauderer stipendiatar som får topp internasjonale forskarstillingar
Eit av dei beste måla på kvaliteten til doktorgradsprogrammet ved NHH er kvar kandidatane blir tilsett. – Ambisjonen er at våre stipendiatar skal få jobb ved dei fremste institusjonane, seier Aksel Mjøs ved Institutt for finans.
Tilsettingar av NHH sine stipendiatar er viktig for å styrke det internasjonale akademiske nettverket.
"Marknadstest"
Gjennom åra har Institutt for finans hatt suksess med å få plassert mange kandidatar i akademiske stillingar ved veletablerte internasjonale universitet og handelshøgskular, fortel instituttleiar Aksel Mjøs.
Konrad Raff koordinerer plassering av kandidatar ved instituttet.
– Gode plasseringar er den beste indikatoren på kvaliteten på doktorgradsprogrammet vårt. Når arbeidsgivarar tilset våre kandidatar frå ein stor pool av internasjonale kandidatar, betyr det at programmet vårt består ein objektiv "marknadstest", seier Raff.
Stipendiatar som blir tilsett på skular som er rangerte over NHH i akademiske rangeringar, er spesielt gode nyheiter, meiner førsteamanuensisen.
Debatten i Khrono om stipendiatar og norsk språk:
Statsråd Oddmund Hoel skriv at vi ikkje kan "tillate oss å sjå på halvparten av stipendiatane og tre firedelar av postdoktorane som ein slags akademiske «gjestearbeidarar», som berre skal vere nokre år i Noreg for å få auka kompetanse, og så reise vidare".
VIRGINIA TECH OG DEN SPANSKE SENTRALBANKEN
To nylege og særskild gode plasseringar er Markus Lithell som har fått jobb i Virginia Tech og Diego Bonelli som skal arbeide for Banco de España.
– Internasjonale plasseringar er også av stor direkte verdi for instituttet fordi dei styrkar vårt globale forskingsnettverk. Forsking er ein lagsport, og når våre stipendiatar går vidare til stader som University of Sydney, Virginia Tech eller den spanske sentralbanken, drar vi nytte av eit sterkare nettverk, seier Raff.
Å ha gode koplingar med andre internasjonale miljø sikrar at NHH sine vitskapleg tilsette held seg i fronten på forskinga og ikkje heng etter.
NHH rekrutterer toppforskarar
NHH og Institutt for finans konkurrerer også på den internasjonale arbeidsmarknaden om dyktige nye forskarar, poengterer Aksel Mjøs:
– Rekruttering av kollegaer og plassering av nyutdanna stipendiatar i den internasjonale marknaden er to sider av same sak. Medan NHH utdannar framtidige akademikarar som går vidare til å jobbe andre stader, rekrutterer vi toppforskarar frå utlandet. Denne openheita og den internasjonale konkurransen gjer alle betre stilt, seier Mjøs.
Pålegg om norskopplæring er populistisk politikk
NHH sin strategi er å vere ein leiande europeisk handelshøgskule, då må vi vere ein engasjert del av det globale akademiske fellesskapet både for tilsettingar, plasseringar, utdanning av studentar og ved samarbeidande høgkvalitetsforsking.