Sjekkar ut NHH CAMPUS FOR FØRSTE GANG
Elevar i videregåande skule kom eins ærend frå både Oslo og Skottland for å delta på Åpen dag på NHH.
– Eg synes NHH verkar som ein fin plass å studere, sa Alise Helene Kibsgaard-Mörsdorf.
Ho hadde reist frå Oslo til Bergen med mor og søster, for å sjekke ut Bergen og NHH. Under Åpen dag på NHH fekk ho omvisning på campus og høyre meir om valmoglegheiter på master, utveksling, erfaringar frå studentar og prate med forskarar.
Både Alise Helene og søstera på (14) vurderer å flytte til Bergen og starte på NHH.
– Å reise på utveksling til Tyskland er noko vi begge er interesserte i å gjere når vi blir studentar, fortalde Alise Helene.
ETTERTRATA KOMPETANSE
Håkon Stien, Silje Farstad Moe og Kristian Stenmark er studentambassadørar på NHH. Dei leia framtidige nye studentar og føresette trygt gjennom programmet.
– Viss du vel å gå på NHH har du mange dører opne, sa Håkon og viste fram alle dei ulike bransjane NHH-studentar får jobb innafor. Sjølv er han ferdig ved NHH til våren, og stillinga som konsulent ventar når masteroppgåva er levert.
Tiril Fagerås (18) frå Hønefoss er ein av elevane på vidaregåande som snart skal bestemme seg for utdanningsretning.
– Eg har høyrt at NHH er ein bra skule og at Bergen er ein god studentby. Det femårige løpet som NHH tilbyr med integrert masterutdanning er veldig interessant, sa Tiril.
OMVISNING PÅ CAMPUS
På ein benk i Speilsalen hadde Syver Wisur (17) sett seg nedpå for å suge inn alle inntrykka. Med mor og far hadde han reist frå Skottland til NHH denne laurdagen.
– Eg har gått på skule i utlandet heile livet, så det hadde vore kjekt å budd i Norge og fått brukt norsken medan eg studerer. NHH gir mange moglegheiter vidare, sa Syver.
Med ein far i oljebransjen, har familien budd i både Tyskland og Dubai tidlegare.
Etter mingling, mat og miniførelesingar var det tid for omvisning på campus. I grupper fekk unge nysgjerrige hovud sjå lesesalar, førelesingssalar og alt livet som student på NHH har å by på.