Maktas ansikt
Høgresida i Argentina nyttar skitne metodar i rettsvesenet og massemedia for å svekka venstresida, skriv Johannes Nymark i Klassekampen.
Joe Lewis heiter ein 85 år gammal engelsk forretningsmann og investor som er majoritetseigar i fotballaget Tottenham Hotspur, i tillegg til at han har store økonomiske interesser rundt om i verda. Mannen er skatteflyktning på Bahamas, og ifølgje The Sunday Times' «Rich List» hadde han i 2021 ein formue på 4,33 milliardar britiske pund.
Joe Lewis eig eit område i Patagonia i det sørlege Argentina som er fire gonger større enn hovudstaden Buenos Aires. Ein del av eigedommen er Lago Escondido («Den gøymte innsjøen»), som innbyggarane i området tidlegare nytta som rekreasjonsområde, men no ikkje får tilgang til.
Kronikken var først publisert i Klassekampen 17. desember 2022 (for abo)