Rekordmange studentar på innveksling ved NHH

studenter
Aldri før har NHH tatt i mot så mange internasjonale studentar på innveksling. I løpet av året vil cirka 575 studentar ha opphald ved NHH.
Av Ingunn Gjærde

24. august 2022 12:09

Rekordmange studentar på innveksling ved NHH

Aldri før har NHH tatt i mot så mange internasjonale studentar på innveksling. I løpet av året vil cirka 575 studentar ha opphald ved NHH.

Tal for innveksling på bachelor- og masternivå

Tal for innveksling på bachelor- og masternivå (inkludert dobbelgrad):

2018: 455

2019: 446

2020: 168

2021: 472

2022: Forventa tal totalt: 575 (Vår 22: 200 Haust 22: 375)

– Det er fantastisk kjekt å ønske eit rekordhøgt tal innreisande studentar velkomne i haust, seier Astrid Foldal, leiar for seksjon for internasjonale relasjonar ved NHH.  

NHH har i 2022 opplevd ei aukande interesse både frå noverande og potensielle nye partnaruniversitet, for Ytre Sandviken som studiestad.

– Det at NHH har oppnådd Triple Crown-status, blir lagt merke til. I tillegg er det eit oppdemma behov for å reise på utveksling etter pandemien og Noreg framstår nok som eit trygt land å reise til akkurat no, seier Foldal.

Å ha mange studentar på innveksling er ein stor fordel for NHH som studiestad. Skulen får inn studentar frå topp universitet og handelshøgskular verda rundt.

– Dei bringer med seg nye perspektiv og kunnskap som er verdifullt både i auditoria, i kollokviegrupper og sosialt. Det bidreg til at NHH utviklar seg og blir betre, seier Foldal.