Raskare i arbeid med enkle planar

Unge folk på gaten
I samarbeid med Nav Hordaland undersøkte me om det å laga ein plan for kvardagsvanar kunne vera til hjelp for arbeidsledige i aldersgruppa 15-29 år. Om lag 690 personar deltok i prosjektet, skriv professor Kjetil Bjorvatn og Forskingsassistent Anne Karen Guro Hadland i Bergens Tidende.
Innlegg

8. mars 2021 10:49

Raskare i arbeid med enkle planar

Ein enkel plan for kvardagsvanar kan hjelpa unge arbeidsledige inn i arbeidslivet, skriv professor Kjetil Bjorvatn og forskingsassistent Anne Karen Guro Hadland i BT.

Enkle planar for kvardagsvanar kan vere til stor hjelp for unge arbeidsledige, viser ny forsking frå Fair Insight Team ved NHH. Planane førte til at dei sende fleire jobbsøknader og at mange kom seg raskare i arbeid.

Det er viktig å tenkja meir heilskapleg når ein skal gje råd og hjelp på vegen til arbeid, viser våre funn i SNF-rapporten «Planer for gode vaner: Et felteksperiment mot arbeidsledighet».

Rehabilitering, ikke hevn

Veien inn i kriminalitet må bekjempes ved å styrke unge menneskers kompetanse og veien ut av kriminalitet går også via opplæring. Fengsel skal fokusere på rehabilitering, ikke hevn.

Me har høyrt mykje om at gode kvardagsvanar er viktig det siste året. Me er mange med heimekontor eller heimestudiar som har oppdaga kor vanskeleg det kan vera å halda på gode vanar når dei ytre strukturane fell heilt eller delvis vekk.

Det er endå meir krevjande viss du er arbeidsledig eller permittert. Utan ein jobb å møta opp til, vert det vanskeleg å halda på kvardagsmoralen og motivasjonen. Då vert dei gode vanane ekstra viktige, fordi det er dei som gjev ein rytme til dagane, og ein støttande struktur rundt kaoset.

Ein god døgnrytme gjer deg utkvilt når du skal skriva søknader, eller gå på jobbintervju tidleg på morgonen. Trening hjelper på det meste.

På sundag gir dei fleste opp

Den såkalla «Quitter’s Day» er dagen då du mest sannsynleg gir opp årets nyttårsforsett. Tal syner at i år blir det sundag 19. januar.

Dette er råd dei fleste av oss har høyrt før. Gode råd i teorien, men fungerer dei i praksis? I Fair Insight Team har me forska på dette. Resultata av prosjektet er lovande, og vart publisert i ein artikkel i Samfunnsøkonomen sist desember.

I samarbeid med Nav Hordaland undersøkte me om det å laga ein plan for kvardagsvanar kunne vera til hjelp for arbeidsledige i aldersgruppa 15-29 år. Om lag 690 personar deltok i prosjektet. Desse vart tilfeldig delt inn i tre grupper, to behandlingsgrupper og ei kontrollgruppe.

Deltakarane i behandlingsgruppene svarte på spørsmål om kor godt nøgde dei var med vanane deira på det tidspunktet. Me spurte om vanar for søvn, trening og bruk av alkohol, tre ting som er dokumentert viktige for fysisk og mental helse.

Skole, boklesning

Er mislykkede menn slappe?

Når menn henger etter på skole og i arbeidslivet, tror folk flest at det skyldes mangel på innsats, det gjør de ikke når kvinner henger etter, skriver Alexander Cappelen i DN.

Til slutt fekk dei eit skjema der dei kunne fylla ut ein plan for korleis dei ville gjera det i dei komande vekene. I skjemaet kunne dei kryssa av for kor mange gonger i veka dei ville legga seg før midnatt og stå opp før åtte, kor mange gonger i veka dei ville trena (30 minutt eller meir), og for kor mange dagar i veka dei ville drikka alkohol.

Det var mange som ville legga seg tidlegare og trena meir. Litt overraskande var det mange som ønska å drikka meir alkohol, enn mindre. Ei mogeleg forklaring kan vera at å drikka alkohol for mange er ein del av det sosiale livet, og som arbeidsledig har ein kanskje ikkje råd til å møta venner ute på byen så ofte som ein ønskjer.

Spørjeundersøkingane viste at vanane for søvn og trening endra seg i ønska retning. Jamført med kontrollgruppa var det fleire som svarte at dei opplevde ei betring av livskvalitet og ei kjensle av å ha kontroll over kvardagen. Dei sende fleire jobbsøknader, og tal frå NAVs registerdata viser at dei kom raskare i arbeid, og fekk meir arbeid, enn kontrollgruppa.

Dette er spennande funn, fordi det å gje unge arbeidsledige små dytt til å laga gode vanar, er ein enkel måte å hjelpa dei på.

Me kan alle trengja hjelp til å få på plass struktur og gode vanar. Det er, som alt anna i livet, noko me må læra. For ungdom er det ekstra viktig med nokre dytt i riktig retning, og det er ikkje alltid det skal så mykje til.

Ledighet og stengte skoler og barnehager kan gi 100 mrd. i «usynlige» kostnader

De langsiktige kostnadene av arbeidsledighet og stengte barnehager og skoler kan bli opp mot 100 milliarder kroner. De unge og de som har minst ressurser fra før, må trolig bære disse kostnadene, skriver Katrine V. Løken og Kjell G. Salvanes i DN.

Nå er det ikkje slik at det å stå opp tidleg og trena kvar dag garanterer at alle kjem i arbeid. Så enkelt er det ikkje. Det handlar meir om å koma i posisjon for arbeidslivet, mentalt og fysisk. Vera i stand til å stå opp tidleg for å gå på jobb, ha fått nok søvn til å kunna læra nye arbeidsoppgåver.

Vår forsking viser at ein plan for gode vanar er ein god stad å starta.

Kronikken var først publisert i Bergens Tidende 6. mars 2021