Kvar står vi når det gjeld språkbruk på universitet og høgskular?

Bilde av bokstaver, Aksel Mjøs og Arnt Ove Hopland.
Det er ei myte at god norsk samfunnsforståing krev forsking på norsk. Tvert om har «norske» samfunnsspørsmål god nytte av at forskinga vert utsett for krevjande blikk utanfrå, skriv Aksel Mjøs og Arnt Ove Hopland i Khrono. Foto: Unsplash v. Ryan Wallace / Helge Skodvin / Odd Mehus
Innlegg

30. november 2021 13:00

(oppdatert: 2. desember 2021 14:12)

Kvar står vi når det gjeld språkbruk på universitet og høgskular?

Mange engelsktalande forskarar i Noreg vil kunna gje nye og svært viktige perspektiv, også på «heilnorske» tema. Noreg er ikkje alltid så spesielt som vi tenkjer oss, skriv Aksel Mjøs og Arnt Ove Hopland.

Det har gått ein omfattande debatt rundt bruk av språk i norske universitet og høgskular. Vi ønskjer å gjera ei oppsummering av kva vi tenkjer er det sentrale.

Vi forskar for å finna ny viktig innsikt, og denne har størst verdi om den er kvalitetssikra av dei mest kompetente fagfellene ein kan greia å engasjera i arbeidet vårt. Dei kan vera over heile verda, men alle har engelsk som felles arbeidsspråk.

Det globale forskarfellesskapet bidreg på denne måten til kvalitetssikring, men òg at ein ikkje kastar vekk ressursar på tema der innsikta allereie er på plass. Det er ei myte at god norsk samfunnsforståing krev forsking på norsk. Tvert om har «norske» samfunnsspørsmål god nytte av at forskinga vert utsett for krevjande blikk utanfrå.

Høg kvalitet i forskinga krev ambisiøs rekruttering

Forsking handlar om folk. God forsking krev at vi rekrutterar, og tek vare på, dei best kvalifiserte vi får tak i, heime og ute. Konkret betyr det å vektleggja fagleg kvalitet ved rekruttering, ikkje at ein har norsk som førstespråk.

Samstundes må vi òg gjera det meir attraktivt for nordmenn å velja ein forskarkarriere. Innan mange fagfelt er karriere- og lønsutsiktene så mykje betre i andre bransjar at akademia ikkje framstår som noko freistande alternativ for dei beste studentane.

Prioritering av språk er ikkje gratis

Ein må erkjenna at språkpolitikk òg er eit spørsmål om ressursar. Ein kan ikkje krevja at utanlandske tilsette skal leggja mykje tid og innsats i å læra seg så godt norsk at dei kan undervisa, utan å samstundes redusera kravet til forskings- og undervisningsproduksjon. Vi meiner at dette er dårleg ressursbruk.

Dei fleste som vert tilsett kjem dessutan først hit i ei midlertidig stilling. Om vi i slike stillingar krev at dei skal bruke av denne knappe og verdifulle tida til å lære seg norsk heller enn å gjere primærjobben, vil vi ikkje klare å rekruttera attraktive internasjonale forskarar.

Mange av dei som kjem går etter kvart over i faste stillingar og desse vil naturlegvis ha glede av å lære seg språket, men mange reiser òg vidare og finn seg arbeid andre stader i verda. Då er det viktig for oss å slå fast at også forskarar som er her berre nokre få år kan vera svært viktige bidragsytarar.

Bidraget er ikkje avgrensa til den jobben dei gjer medan dei er i landet, like viktig kan det vera at dei gjerne held fram samarbeidet med kollegaer på våre institusjonar etter at dei har reist ut att. Det er og eit mål at desse framsnakkar korleis det er å vera forskar i Noreg ovanfor andre kandidatar.

Undervisning må føregå både på norsk og engelsk

Dei dyktigaste forskarane er best til å undervisa med grunnlag i den nyaste forskinga, noko som er særleg viktig på master og doktorgradsnivå. Ein må heller ikkje gløyma at god undervisning er ein funksjon av gode kommunikasjonsevner og mykje anna, ikkje berre kva språk ein nyttar.

Masterstudentane ved NHH har fleire gonger gjeve sin undervisningspris til utanlandske forelesarar som føreles på engelsk. Dette gjer at på høgare nivå er det ikkje tenleg med rigide krav om undervisning på norsk. Det er dessutan eit poeng at vi må gjere studentane klåre for eit stadig meir internasjonalt arbeidsliv både heime og ute.

I tillegg fremmer det internasjonalt samkvem ved at vi tilbyr kurs som er aktuelle for utanlandske studentar ved våre institusjonar. Vi treng samstundes god norskspråkleg undervisning, særleg på lågare nivå, for å gjera studentane trygge på fag og profesjon.

Korleis skal vi sikra godt språk?

Språk er viktig for god og presis kommunikasjon uansett. Det gjeld både på norsk og engelsk, og vi kan alle verta betre. Konkret treng vi å oppmuntra til trening på godt språk og ta dette inn i undervisninga, samt sikra at vi vedlikeheld gode norske termer i ulike fag. Dette er eit ansvar for sektoren og institusjonane, og krev at ein set av ressursar.

Ein treng fagpersonar som får, og tek, eit slikt ansvar, i tillegg til språkfolka. Det er ikkje opplagt kva som vil fungera, men våre kandidatar treng å uttrykkja seg klårt på både norsk og engelsk.

Utfordringa med å ha «nok» norsktalande forskarar må møtast med å gjera det attraktivt også for norske talent å velja ein forskarkarriere, og eventuelt å tilby det som trengs for at gode forskarar kan velja å også læra seg norsk. Kvotering av norske fordi dei er norske underminerer korleis sektoren kan levera på sitt viktige oppdrag.

Samfunnsdebatten går på norsk, men treng fleire stemmer| Debatten i norske media går på nasjonalspråket, som i dei fleste land. Det krev at vi har forskarar som kan godt nok norsk til å delta. Bortsett frå i radio og TV, så er det likevel ei utfordring for norske media å evna å inkludera relevante engelsktalande forskarar i Noreg som sine kjelder. Mange av desse vil kunna gje nye og svært viktige perspektiv, også på «heilnorske» tema, gjennom samanlikning med innsikt frå andre land. Noreg er ikkje alltid så spesielt som vi tenkjer oss.

Kronikken ble publisert i Khrono 29. november 2021