Utfordringar for norsk økonomi og næringspolitikk
Når næringsminister Torbjørn Røe Isaksen inviterer til fagseminar om utfordringar for norsk økonomi framover, er NHH-rektor Øystein Thøgersen ein av tre ekspertar som er inviterte.
Tysdag denne veka inviterer Torbjørn Røe Isaksen til fagseminar. Tittel på seminar er:
Utfordringar for norsk økonomi på kort sikt og kva det betyr for næringspolitikken:
– Når verda rundt oss endrar seg, må politikken også endre seg. Både næringslivet og myndigheiter må møte den aukande usikkerheten som brer om seg over internasjonal handel. Vi må henge med i ein rivande teknologisk og digital utvikling. Vi må møte klimaendringane. Eg ser fram til å diskutere desse utfordringane med flinke folk, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.
Fagseminaret er for tilsette i Nærings- og fiskeridepartementet og pressa.
Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen held innleiing før tre fagekspertar kommenterar:
Elisabeth Holvik, sjeføkonom i Sparebank1
Øystein Thøgersen, rektor og professor på NHH
Jon Gunnar Pedersen, partner i Arctic Securities (tidligare statssekretær i Finansdepartmentet)