NHH er best på utveksling i Noreg og heile 59 prosent reiser ut. – Eg er imponert over handelshøgskulen og kva dei har fått til, sa statsråd Iselin Nybø.
Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø møtte tysdag 23. april studentar frå Norges Handelshøyskole (NHH), Universitetet i Bergen og Høgskulen på Vestlandet for å få råd om korleis få fleire studentar til å dra på utveksling.
– Utveksling må bli meir fleksibelt, og ikkje vere avgrensa til eit spesifikt semester, sa NHH-student, Ylva Stavland Mobæk. Studenten har sjølv vore på utveksling i Hong Kong, og var aldri i tvil om at ho skulle reise ut.
Blant innspela til statsråden gikk det igjen at studentane ønskjer at det skal bli lettare å søke om utveksling. Mange opplever utveksling som ein vanskeleg og gjerne byråkratisk prosess. Fleire etterlyste også kulturbygging.
– Mitt beste tips er å byggje kultur for utveksling og gjere dette til den nye normalen, sa Andreas Sandal Haugsbø. Han tar dobbel mastergrad ved NHH, og har vore på utveksling i Milano og Buenos Aires.
Nettopp «kulturbygging» er ambisjonen for den nye stortingsmeldinga. Nybø vektla, som studentane, at utveksling skal bli ein ny normalitet.
– I stortingsmeldinga vil vi vurdere om utveksling skal bli ein integrert del av studieløpet, med moglegheit til å velje det bort, sa Nybø.
Med finansjobb i Danmark satser Aleksandra Maria Kjemhus på en internasjonal karriere. Andelen NHH-ere med jobb i utlandet har økt med over 30 prosent på to år.
NHH toppar lista
I dag reiser berre 16 prosent av alle norske studentar ut i løpet av studiet. NHH-studentane utmerkar seg – 59 prosent av økonomistudentane reiser på utveksling, og er dermed best i landet. Samstundes reiser 27 og 14 prosent ved høvesvis UiB og HVL ut.
NHH har i mange år jobba for å styrke studentane sin interesse for utlandet. Rektor Øystein Thøgersen er svært fornøgd med at handelshøgskulen er best i landet.
– Internasjonalisering skal gjennomsyre alt NHH gjør, noko som kjem tydeleg til uttrykk i strategien vår. Vi skal være ein ledande internasjonal handelshøgskule, og då henger utdanningskvalitet og gode utvekslingsmoglegheiter nøye saman, sa Thøgersen.
Nybø skrytte av NHH sin innsats. Ho oppfordrar andre til å lære av handelshøgskulen.
– Eg er imponert over NHH og kva dei har fått til. Dei har skapt ein kultur for utveksling i årevis og er i særklasse, sa statsråden.
Statsråden meiner det er fleire faktorar som bidrar til at NHH toppar utvekslingsstatistikken i landet, og framhevar studentmassen og at studentane skal operere i eit internasjonalt marknad som nyutdanna.
– Minst like viktig, om ikkje viktigare, er at NHH har arbeida hardt og langsiktig i fleire år med utveksling. Dei har ordna gode internasjonale avtaler med store utdanningsinstitusjonar, og samstundes skapt ein kultur der «alle» drar på utveksling, sa statsråden.
På Norgesturné
Besøket i Bergen var eit av fleire statsråden gjer denne våren for å få meir kunnskap om studentar sine motiv for utveksling og internasjonalt arbeid.
Noreg er forplikta til at 20 prosent av norske studentar skal reise ut innan 2020 – det langsiktige målet er 50 prosent.
Nybø trur at noko av forklaringa på at få studentar reiser ut, er fordi det er lettast å bli heime, og at enkelte opplever utvekslingsførebuingar som vanskelege.
– Det kan også være at dei ikkje får informasjon om utveksling tidleg nok i studieløpet, sa statsråden.
Innspela Nybø fekk i Bergen tar ho med seg i utarbeidinga av stortingsmeldinga om studentmobilitet, som er venta rundt årsskiftet.
Regjeringen stilte i fjor høst krav om økt praksis i utdanningen. NHH har tatt grep og sender nå studenter til utlandet for å få relevant jobberfaring.