
Telenors fem utfordringar
Konsernsjef Sigve Brekke og berekraftsdirektør Mai Oldgard i Telenor, skisserte fem moglegheiter og utfordringar for selskapet på NHH Forum 18. oktober.
Korleis Telenor tenkjer innovativt for å forsetje å vekse i marknadar i Skandinavia og Asia, og korleis ansvarleg forretningsdrift er ein integrert del av dette arbeidet, blei diskutert då selskapet gjesta NHH Forum 18. oktober.
NHH Forum er eit årleg arrangement i regi av forskarar og studentar ved NHH, der ei større norsk bedrift vert invitert til å kome for å snakke om aktuelle utfordringar og utviklingstrekk i deira bransje.
– Den teknologiske utviklinga byr på utallege muligheiter for Telenor, men med desse følgjer det også store utfordringar, sa konsernsjefen.






UTFORDRINGAR OG MULEGHEITER
Saman med berekraftsdirektør Mai Oldgard, skisserte konsernsjefen fem muligheiter og utfordringar som selskapet i dag står overfor i globale marknadar innan mobilkommunikasjon.
1. FLEIRE BLIR TILKOPlA
– Dette gjør liva våre enklare, betre og meir ressurseffektive, men samtidig utfordrar det vår ytringsfridom, sa Brekke.
2. RASK VEKST
Telenor får stadig fleire mobilkundar i Asia, men enkelte land opererer ikkje etter globale standardar når det gjelder arbeidsmiljølov, personvern og anna regelverk.
– Det er derfor vår oppgåve å lære og følgje opp både våre kundar og leverandørar, sa Oldgard.
3. FYRSTETREKKSFORDEL
– Konkurransefortrinn kan sikrast ved at vi er først ute med nye løysningar. Samtidig kan det i enkelte tilfelle være lurt å være en etterfølger. Utfordringa er å vite korleis vi skal balansere disse rollene, sa konsernsjefen.
4. PERSONALISERING
– Stadig fleire ønsker personaliserte tenester. Samtidig føler mange at de mistar kontroll over egne personlege data og dei veit ikkje korleis dataene nyttast, sa Brekke.
– Det er vår oppgåve å jobbe for å byggje tillit med våre kundar og gjere dei trygge på at vi verna om deira personlege data. Ved å bygge tillit, vil vi oppnå varig suksess, sa Brekke.
5. KONTINUERLEG UTFORSKING
– Telenor jobbar kontinuerlig med å utforske nye innovative løysningar for våre kundar. Samtidig utfordrar det vår evne til å holde våre løfter, sa konsernsjefen.
Les også:

VANN CASE-KONKURRANSE
Ei nyvinning i samband med årets NHH Forum, vart ein case-konkurranse arrangert i samarbeid mellom NHHS Case Club og Telenor.
Sju lag ble gitt tre timar til å identifisere og presentere nye, innovative forretningsmulegheiter for Telenor.
Laget Viking Consulting Team, beståande av NHH-studentane Stine-Mari Stavik, Aleksander Ragnvaldsen, Nelly-Elvira Nora Andrée Tranaas og Nicolai Christopher Stechmest Sivertsen, gjekk av med sigeren.