Bergens maritime klynge satsar vidare ved NHH
Avtala som NHH har med Bergens Rederiforening er forlenga med fem nye år til august 2022. Professor Roar Os Ådland held fram i professoratet.
- Eg er svært glad og takksam for at Bergens Rederiforening ser verdien av det målretta arbeidet som er lagd ned sidan 2012 og difor vel å satse vidare ved NHH, no i samarbeid med Stiftelsen Neptun Bergen, seier Roar Os Ådland.
- Slik industrifinansiering er uvurderleg i konkurransen om nasjonale forskningsmidlar og gjer oss i stand til å forsette å byggje opp Senter for shipping og logistikk ved NHH til eit næringsretta og internasjonalt leiande forskingsmiljø, utdjupar Ådland. Han er knytt til Senter for shipping og logistikk, leia frå Institutt for foretaksøkonomi ved NHH.
Hovudoppgåvene i stillinga er å initiere og gjennomføre forsking knytt til problemstillingar innan skipsfartsøkonomi og å arbeide for å skape eit miljø og interesse for skipsfartsforsking og skipsfartsrelaterte fag på NHH.
Dei fem nye åra bidrar til å sikre grunnlaget for eit langsiktig miljø og betre samarbeid mellom næringa og det maritime miljøet, og NHH.
Internasjonal verdiskaping
Avtala bygger på ei felles forståing om at eit tett samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar og næringsliv er viktig. Bergens Rederiforening, Stiftelsen Neptun Bergen og NHH har ein felles tankegang om at eit tett samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar og næringsliv er viktig for å halde forretningsverksemd relevant og oppdatert, og bidra til å styrke forsking og utdanningstilbod. Samla bidrar dette til regional, nasjonal og internasjonal verdiskaping for næringa.
Geir Mjelde, styreleiar i Bergens Rederiforening, kommenterer samarbeidet med NHH slik:
- Den maritime klynga i Bergensområdet har stor nytte av eit tett og godt samarbeid med dei fremste akademiske organisasjonane. Vi er svært nøgde med resultata av gåveprofessoratet så langt og ser frem til ein ny femårsperiode der medlemmane våre kan dra fordelar av NHH og Roar Ådland sitt vidare arbeid innan skipsfartsøkonomi.
Bergens Rederiforening har inngått eit samarbeid med Stiftelsen Neptun Bergen om finansieringa av det nye gåveprofessoratet.
Øystein Thøgersen, rektor ved NHH, er svært nøgd med avtala.
- Denne avtala er eit strålande eksempel på korleis tett interaksjon med næringslivet bidrar til høg relevans i både forsking og undervisning. For NHH er det svært viktig å bidra til kompetanseutviklinga i skipsfartsnæringa, seier Thøgersen.
Staten skyt inn midlar
Gåva fell inn under forskrifta om gåveforsterking. Det inneber at staten bidrar med eit tillegg tilsvarande 25 prosent av gåvebeløpet.
Den nye avtala gjeld for perioden 20. august 2017-19. august 2022.