Gode opptakstal for NHH

NHH illustrasjon
NHH Av Red.

19. juli 2018 11:00

Gode opptakstal for NHH

Krava for å komme inn på siviløkonomstudiet ved NHH er stabilt høge, viser tal frå Samordna opptak.

Poenggrensa er 53,0 for førstegongsvitnemål og 56,6 for ordinær kvote. Poenggrensene aukar dermed med høvesvis 0,4 og 0,6 samanlikna med fjoråret.

Rektor Øystein Thøgersen

Rektor Øystein Thøgersen. Foto: Eivind Senneset

– Opptakstala viser at NHH tiltrekkjer seg mange av landets aller fremste studentar. Samtidig ser vi at jenteandelen stig til over 40 prosent. Dette er svært gledeleg i lys av debatten om miljøet ved NHH og våre tiltak for eit framifrå og mangfaldig student- og læringsmiljø, seier rektor Øystein Thøgersen.

Kvinneandelen i opptaket er på 40,6 prosent. Dette er ein auke på 1,9 prosentpoeng frå 2017.

Økonomifaga speglar ny teknologi

Opptaket gjeld det femårige siviløkonomstudiet, som består av det treårige bachelorstudiet og det toårige masterstudiet i økonomi og administrasjon.

– Opptakstala viser at studentane fortsatt ser at det vil vere behov for gode økonomar også i en digitalisert verden. Studentane som kjem til NHH vil møte eit oppdatert fagtilbod. Den siste tida har det komme nye kurs innan tema som robotisering og digitale forretningsmodellar, i tillegg til at dei tradisjonelle økonomifaga skal spegle ein ny teknologisk kvardag. 

- Eg kan love ei spanande studietid og ei svært relevant utdanning for dei som startar ved NHH i haust, seier Thøgersen.

NHH blant dei mest søkte

Siviløkonomstudiet ved NHH har vore mellom dei mest søkte studieprogramma i ei årrekkje. 1801 hadde studiet som førsteval i år, ein auke på 1,6 prosent samanlikna med i fjor. Berre rettsvitskap ved Universitetet i Oslo hadde fleire førsteprioritetssøkarar.

Opptaksgrensa siviløkonomistudiet 2013-2018
2018

Førstegongsvitnemål: 53,0

Ordinær kvote: 56,6 

2017

Førstegongsvitnemål: 52,6 (etter suppleringsopptak)

Ordinær kvote: 56,0 (etter suppleringsopptak)

2016

Førstegongsvitnemål: 52,9

Ordinær kvote: 56,5

2015

Førstegongsvitnemål: 53,4

Ordinær kvote: 56,3

2014

Førstegongsvitnemål: 53,0

Ordinær kvote: 56,2

2013

Førstegongsvitnemål: 52,6

Ordinær kvote: 56,5

Les mer

Får ros for utdanningskvaliteten

NHH er best i klassen på utdanningskvalitet, viser NOKUT-tilsyn.

NHH gjør tiltak for et bedre studentmiljø

De siste ukene har miljøet ved Norges Handelshøyskole (NHH) vært gjenstand for kritikk i DNs spalter. Den påfølgende debatten har vært vanskelig, men også lærerik.

Ny student

Velkommen til NHH!