No er årets nyord kåra
Koronapandemien har prega 2020, også i språkbruken. Språkrådet og NHH-professor Gisle Andersen har kåra «koronaen» til årets ord.
– Når historikarane skal sjå attende på 2020, er sjansen stor for at dei kjem til å skrive om koronaen i bunden form. I daglegtalen blir koronaen brukt om både viruset, sjukdommen, krisa og sjølve tida vi er inne i, seier Dagfinn Rødningen, seniorrådgjevar i Språkrådet.
På lista over dei ti nyorda som har prega 2020, er fleire i tilknyting til koronapandemien. Både «halde meteren», «flata ut kurva», «sprite» og «kohort» er ord og uttrykk som har festa seg i språket vårt i 2020, skriv Språkrådet i ei pressemelding.
Les også:
Meir inkluderande språk
Språkrådet framhevar at det likevel er fleire interessante ord å merke seg, som ikkje omhandlar pandemien. Orda «statsforvaltar» og «melaninrik» gir uttrykk for at folk ønsker eit meir moderne og inkluderande språk.
– Statsforvaltar skal erstatte fylkesmann, noko som er vedteke av Kommunal- og moderniseringsdepartementet som ledd i arbeidet for å fjerne kjønnsmarkerte stillingstitlar. På den andre sida er melaninrik eit ord som er skapt gjennom språkaktivisme for å erstatte meir gamaldagse ord om menneske med mørk hudfarge. Her ser vi at nokre ord kan bli innførte frå øvste hald, og at andre kan gro fram frå grasrota, seier NHH-professor Gisle Andersen.
Les heile pressemeldinga til Språkrådet