CSI-forskinga gått til USA

Tor W Andreassen
– At CSI si forsking er eksportert til USA og vert brukt av forskarar, og i tillegg vinn ein pris basert på nytten av denne måten å måle opplevd innovasjonsevne, det er ein stor kompliment til NHH-forskarane, seier professor Tor W. Andreassen. Foto: Odd Mehus
Av Sigrid Folkestad

13. september 2018 14:34

CSI-forskinga gått til USA

Professor Tor Wallin Andreassen har eksportert Norsk Innovasjonsindeks til Sverige og USA. – Forskarane meiner indeksen er relevant, interessant og sterk.

Amerikanske forskarar har allereie gjennomført sin første innovasjonsindeksstudie, basert på forsking ved Center for Service Innovation, der Andreassen er leiar.

Norsk INnovasjonsindeks

Norsk Innovasjonsindeks (NII) ved Norges Handelshøyskole er den første nasjonale målinga av viktige bransjar og bedrifter si innovasjonsevne der kundane er dommarar. Totalt måler vi 75 bedrifter i 19 bransjar. Data vert samla inn frå eit nasjonalt representativt utval gjennom heile året. Indeksen måler tre sentrale variablar: 1: Opplevd innovasjonsevne 2: Bedrifta si relative attraktivitet i marknaden  3:Kundelojalitet

Pris for paper

Dei har også, saman med Tor Wallin Andreassen, skrive ein vitskapeleg artikkel om den amerikanske indeksen. Den vart førre veke presentert på konferansen Frontiers In Services, verdas leiande konferanse innan tenesteforsking.

Paperet «The American Innovation Index» vann prisen som Best Practitioner Award.

– At CSI si forsking er eksportert til USA og vert brukt av forskarar, og i tillegg vinn ein pris basert på nytten av denne måten å måle opplevd innovasjonsevne, det er ein stor kompliment til NHH-forskarane, seier Andreassen og legg til:

– Dei meiner indeksen er relevant, interessant og sterk.

Derfor sliter varehandelen

Lite strategiske og innovative ledere er den største trusselen.

"Just released"

Forutan Andreassen, er det postdoktor Seidali Kurtmollaiev og professor Line Lervik-Olsen, som har gjort forskinga som ligg bak Norsk Innovasjonsindeks.

Saman med fleire amerikanske forskarar, har Andreassen skrive ein vitskapeleg artikkel om den amerikanske indeksen. Den vart førre veke presentert på konferansen Frontiers In Services, verdas leiande konferanse innan tenesteforsking. Paperet «The American Innovation Index» vann prisen som Best Practitioner Award.

Når forskarar i USA og Sverige tek i bruk innovasjonsindeksen, betyr ikkje det ekstrainntekter til Center for Service Innovation.

Kritikken

– Det inneber ekstra tilgang til informasjon. Vi utvekslar data, noko som kan bli svært verdifull for forskarane ved CSI, seier Andreassen.

I fjor retta enkelte kritikk mot bruken av ein innovasjonsindeks, som måler kundane si oppleving av innovasjonsevna i utvalde selskap.

– Når forskarar internasjonalt ynskjer å gjere det same som oss, er det nettopp fordi dei ser at indeksen gjer informasjon om kundane si persepsjon av bedrifta si innovasjonsevne, som ofte er noko heilt anna enn det bedriftene sjølve trur. Indeksen flytter fokus frå selskapas «indre» til kundane si oppleving. Det bidreg til at næringslivet vert meir målretta.

OneCall fosser fram på innovasjonsindeks

IKEA er for andre året på rad landets mest innovative bedrift, ifølge Norsk Innovasjonsindeks. Mobilselskapet OneCall går mest fram på den nye rangeringen, mens telegiganten Telenor går kraftig tilbake.

Innovasjon - slik kundene opplever det

Norsk Innovasjonsindeks (NII) måler bedriftenes innovasjoner – slik kundene opplever det. Gründere, ledere, og ansatte er opprørt over kundenes dom.