Kvifor kjøper folk aksjar i små, nystarta, private selskap?
I Noreg er det om lag 250.000 private aksjeselskap. Av desse er om lag 57 prosent eigd av ein person og om lag 20 prosent av to personar. Debattane rundt aksjeinvesteringar går i to motstridande retningar.
Lærebokstrategien for aksjesparing er å investera i eit bredt utval av børsnoterte aksjar for å spreia risiko. Samstundes er det stort politisk fokus på investeringar i oppstarts- og vekstfirma som kjelde til nyskaping og nye arbeidsplassar.
Media er og raske med å anerkjenna investorar som gjer stor gevinst på enkeltselskap. Korleis heng dette saman, og når bør ein kjøpa aksjar i små, private selskap?
Både finansbransjen og finansforskarar er stort sett einige i det fornuftige i å investera i breie porteføljar for å jamna ut risikoen i einskildaksjar, og oppnå avkastning og risiko som marknaden.
Det at kursen på ein aksje kan gå opp når andre aksjar går ned, gjev redusert risiko i porteføljen.
Ved å eiga meir enn 20 utvalde børsnoterte aksjar på Oslo Børs, er mykje av dette oppnådd. Ein må difor ha gode grunnar for å investera annleis, som til dømes konsentrert i einskilde selskap.
Kapitalkrevjande start
I Noreg er det om lag 250.000 private aksjeselskap. Av desse er om lag 57 prosent eigd av ein person og om lag 20 prosent av to personar. Kvifor investerar så folk i private selskap?
Samanlikna med børsnoterte aksjar er dei vanskelege å få god nok informasjon om, verdsetja og handla, i tillegg til at dei fleste er temmeleg risikable. Aksjonærar i private selskap kan delast i tre hovudgrupper, eigaren som og driv selskapet (entreprenøren), familie og vener av denne, og profesjonelle investorar som t.d. såkorn eller venture fond. I tillegg er slike selskap finansiert av bankar og det offentlege, oftast som långjevarar. Entreprenøren satsar truleg på selskapet sitt av fleire grunnar.
Dette kan vera rein glede over å vera sin eigen herre heller enn tilsett, å kunna skapa noko for seg og sine, eller (for?) stor tru på eigen kompetanse eller forretningsidé.
Nye verksemder er gjerne kapitalkrevjande i starten, slik at entreprenøren kan enda opp med å satsa størstedelen av det han eig.
Spreier risiko med fleire investeringar
Som investeringsstrategi er dette det motsette av risikospreiing. Oftast har entreprenøren djup innsikt i sjølve forretningsidéen, men kan sakna både forståing av kommersielt potensiale og korleis marknaden verdset eit slikt selskap.
Familie og vener investerar truleg mest for å støtta entreprenøren, og heller ut frå tillit enn innsikt.
Profesjonelle investorar spreier vanlegvis sine investeringar over fleire nye selskap. Dei har kompetanse i å både plukka rett selskap, og så bidra til utviklinga som eigarar.
Likevel, også desse får avkastning berre frå nokre få, vellukka selskap. Gustavo Manso i sin artikkel Experimentation and the Returns to Entrepreneurship (RFS, 2016) hevdar at å investera i nye selskap er som eit interessant veddemål der nokre få av dei gjev mangedobbel avkastning til eigarane. Børsnotering sikrar investorar informasjonstilgang, både gjennom rapportering og kritisk overvaking frå analytikarar og media.
I private selskap er det eit heilt anna informasjonsproblem og ein bør vera tilbakehaldne med å investera om ein ikkje har særleg god innsikt i prosjektet og menneska bak.
Vi veit at private selskap er viktige for økonomien, men treng meir innsikt i når, og i kva form, det også er rett for den enkelte å investera i dei.
Innlegget var på trykk i Aftenposten 8. mai.