SMS fekk fleire til å stemme
Før stortingsvalet i fjor sende Bergen kommune ut SMS til 200.000 personar med oppmoding om å bruke stemmeretten. Det auka valdeltakinga, konkluderer stipendiat Ole-Andreas Elvik Næss.
Valdeltakinga har gått jamt nedover både i Norge og mange andre land dei siste åra. Det var utgangpunktet for NHH-stipendiat Ole-Andreas Elvik Næss då han starta på doktorgradsprosjektet sitt. Ved dei siste stortingsvala har valdeltakinga vore på rundt 78 prosent, medan det for kommune- og fylkestingsvala har vore ned mot 60 prosent.
– Det er eit demokratisk problem at så mange let vere å stemme, og vi veit at det er spesielt mange unge som blir heime valdagen. Tidlegare forsking har vist at folk oftare brukar stemmeretten sin dersom dei blir oppmoda om å stemme, og dette ville eg undersøke nærmare, seier Næss.
200.000 tekstmeldingar
I samarbeid med kommunen sendte han difor ut tekstmeldingar til røysteføre i Bergen fredag 8. september. Det var to versjonar av tekstmeldinga. Innbyggjarane i bydelane Bergenhus, Fyllingsdalen og Lodefjord fekk denne meldinga:
«Hei! Vet du at de fleste i ditt område pleier å stemme? Bergen hadde høyere valgdeltakelse enn Oslo og Trondheim sist stortingsvalg. Husk å stemme på mandag!»
Medan resten av byen fekk denne meldinga:
«Hei! Husk å stemme på mandag. Din stemme kan avgjøre valget!»
Høg valdeltaking i Bergen
– SMS’ane ser ut til å ha gitt resultatet. Det var fleire som stemte fredag og måndag enn det var i valet fire år tidlegare, totalt var det snakk om ein skilnad på to prosentpoeng. Eg samanlikna også med stemmegivinga i dei 19 største byane i Noreg i den same perioden, og såg at fleire brukte stemmeretten i Bergen, seier Næss.
Han har nøyaktige tidspunkt for stemmegivinga, og han observerte at talet på avlagte stemmer auka i timane etter meldinga blei sendt.
– Nokre tilfeldige områder av byen fekk meldinga nokon timar før resten av byen. I timane etter var det klart flest som stemte i dei områda som hadde motteke meldinga. Desse trendane ser vi ikkje tidlegare dagar, seier Næss.
Valdeltakinga i Bergen var på 81,8 prosent i 2017. Tilsvarande tal for 2013 var 81,0. Det var høgare valdeltaking i Bergen enn i nokon av dei andre storbyane i Noreg. I Oslo, Trondheim og Drammen gjekk valdeltakinga ned, medan Stavanger hadde ein liten oppgang.
– Kjempeskummelt
Onsdag 26. september skal Næss forsvare NHH si ære i formidlingskonkurransen Forskar Grand Prix. Konkurransen går ut på at ti stipendiatar får fire minutt kvar til å presentere forskinga si. Dei tre beste går til ei finalerunde der dei får ytterlegare fire minutt. Dei to beste i denne siste runda går vidare til den nasjonale finalen i Tromsø 29. september.
– Det blir kjempeskummelt. Eg har sett Idol på TV, og det er jo ganske likt. Du får tilbakemeldingar frå dommarar på scena og det er publikum i salen som avgjer kven som går vidare. Målet mitt med å delta er å bli ein flinkare formidlar, og uansett korleis det går har det vore nyttige ting å ta med seg vidare, seier Næss.