Nobelprisvinnar Finn E. Kydland
I 2004 mottok Finn E. Kydland, professor II ved NHH, Nobelprisen i økonomi som tredje nordmann i historia.
Finn E. Kydland fullførte siviløkonomgraden ved NHH i 1968 og vart deretter stipendiat ved høgskulen.
Han tok PhD-graden ved Carnegie Mellon i 1973 før han returnerte til NHH for å forska og undervisa.
Saman med rettleiaren på doktorgraden, Professor Edward Prescott, skreiv Kydland den første av to artiklar som førte til at dei to saman vann Sveriges Riksbanks pris i ekonomisk vetenskap till Alfred Nobels minne - kjent som Nobelprisen i økonomi - i 2004.
Kydland flytta i 1978 til Carnegie Mellon, men han har behalde kontakten med NHH gjennom en professor II-stilling ved institusjonen.