NHH sine prisar
Høgskulen delar ut fleire prisar, m.a. to forskingsprisar, ulike undervisingsprisar og ein formidlingspris.
æresPris for framragande forsking
Kollegiet innstifta prisen i samband med 50 årsjubileet i 1986.
Prisen heidrar fremragande grunnforsking utført over ein lengre periode. Skiljet mellom grunnforsking og anvend forsking er ikkje skarpt, men det vert vektlagt at det er reint vitskapeleg innsats som skal heidrast.
Prisen er på kr 50.000 og vert delt ut kvart femte år.
Ingvar Wedervangs forskingspris til ein yngre forskar
Ingvar Wedervang var NHHs første rektor. Han ville fylt 100 år i 1991, og i samband med dette oppretta høgskulen ein pris i hans namn for forskarar under 40 år.
Prisen kan tildelast ein fast tilsett forskar, postdoktor eller Assistant Professor ved NHH, SNF eller AFF for eit vitskapeleg bidrag dei siste fem åra. Fagleg kvalitet er einaste kriterium. Vurderinga vert gjort av ein komité sett saman av rektor og tre fast tilsette forskarar.
Prispengane er på kr 30.000 og prisen vert delt ut kvart femte år.
Pris for framragande lærarinnsats
Prisens hovudmål er å bidra til å styrka studiekvaliteten ved NHH. Han vert utdelt annakvart år i samband med immatrikuleringa av nye studentar. (I perioden 2022-2026 blir prisen erstatta av Inspirational Teaching Award.)
Tildelinga er basert på ei samla vurdering av lærarinnsats i vid forstand, men med særleg vekt på følgjande kriterium:
- generelle pedagogiske evner
- oversiktligheit og kommunikasjonsevne
- evne til å skape interesse for faget og motivasjon til sjølvstudium
- evne til å kasta lys over stoffet frå flere synsvinklar
- innovasjon og nyskaping, inkludert utvikling av nye kurstilbod
- evne til å relaterea stoffet til andre delar av studiet
- vilje til samarbeid om pedagogiske oppgåver
Prisen vart oppretta i 1999, og består av kr 35.000 og eit silketrykk.
Inspirational teaching award
Inspirational Teaching Award er på 250 000 kroner og vert gitt til ein ekstraordinær undervisar. Prisen vert delt ut kvart år frå 2022 til 2026 og er ein donasjon frå Isabella og Henrik Müller-Hansen.
Ein komite beståande av to representantar fra studentforeininga, prorektor for utdanning, Isabella eller Henrik Müller-Hansen og ein representant fra vitskapeleg stab utpeikt av rektor avgjer kven som skal tildelast prisen for det einskilde år.
Prisen skal gå til einskildpersonar, ikke institutt eller forskingssenter.
Tildelinga er basert på ei samla vurdering av lærerinnsats i vid forstand, men med særleg vekt på følgjande kriterium:
- evne til å skape entusiasme for faget og bruken av det i nærings- og samfunnsliv
- nærleik og interaksjon mellom studentar og førelesar
- oversiktlegheit, entusiasme og gode kommunikasjonsevner
- evne til å kaste lys over fagets innhald frå nye vinklar
- innovasjon og nyskaping, inkludert utvikling av nye kurstilbod og nye læringsverktøy
- evne til å relatere stoffet til andre delar av studiet
- evne og vilje til samarbeid med næringsliv, arbeidsliv, andre institutt og andre institusjonar
Status som merittert undervisar
Status som Merittert undervisar kan bli innvilga til undervisarar som har vist eit sterkt engasjement for framifrå undervising og utdanning.
Meritteringsordninga er uavhengig av andre akademiske stillingshirearki, og tittelen merittert underviser kan berre tildelast personar som utviklar undervisningskompetansen sin systematisk og over tid til eit nivå som er betydelig høgare enn den nødvendige grunnleggjande kompetansen ved universitet. Meritterte undervisarar vil få eit permanent lønnsopprykk.
Pris for framragande formidling
NHHs pris for framragande formidling vart etablert i 2011 for å anerkjenne den betydninga god formidling har for NHH og samfunnet rundt oss. Føremålet med formidlingsprisen er å heidre og å stimulere til framifrå formidling og kommunikasjon av kunnskap og innsikt frå det økonomisk-administrative fagområdet.
Prisen kan delast ut for ein enkeltståande prestasjon eller for innsats som strekkjer seg over fleire år. Han kan delast ut til einskildpersonar eller til forskargrupper/-miljø ved NHH. Rektor oppnemner komiteen som skal vurdere nominasjonane. Komiteen skal ha både kommunikasjons- og forskingsmessig kompetanse, samt eit eksternt medlem frå eit redaksjonelt miljø.
Den eller dei som får prisen kan ha utmerkt seg ved å:
- ha bidratt aktivt til å styrka formidlingsarbeidet ved NHH
- ha kommunisert innsikt og arbeidsmåtar frå det økonomisk-administrative forskingsfeltet til personar utenfor akademia.
- ha vore premissleverandør i den norske eller internasjonale samfunnsdebatten
- ha teke i bruk nye verktøy eller kommunikasjonskanalar for å nå ut til nye publikumsgrupper
- ha bidrege til auka interesse for det økonomisk-administrative fagområdet hos ålmenta, i næringslivet eller forvaltinga med vitskapeleg argumentasjon
- ha ei genuin interesse for og vilje til å spreia kunnskap og innsikt i faget sitt til eit breiare publikum
Prisen vert utdelt kvart tredje år. Vinnaren får kr 40.000 og eit diplom.
NHH Mission Award
Prisen NHH Mission Award skal delast ut til einskildpersonar, team eller grupper (ikkje heile institutt, avdelingar, seksjonar eller forskingssenter) som har bidratt til å oppfylle NHHs Mission Statement; Saman for berekraftig verdiskaping.
Prisen blir utdelt for den nominertes bidrag innan eitt eller fleire av følgjande område:
Saman = For utmerkt samarbeid internt eller med eksterne partnarar
Berekraftig = For glimrande initiativ som styrkar NHHs arbeid med berekraft.
Verdiskaping = For framragande tiltak som bidreg til auka verdiskaping ved NHH eller i samfunnet.
Premien er på kr 25.000. Er det fleire prisvinnarar vert premien delt mellom vinnarane.
Tilsette ved NHH kan nominere kollegaer til NHH Mission Award. Leiargruppa avgjer kven som skal tildelast prisen.