Dobbelgradsprogrammet
Er du ambisiøs og motivert til å utfordre deg sjølv akademisk? Ønskjer du eit lengre opphald ved eit anerkjent universitet i utlandet? Utvid moglegheitene dine ved å ta to mastergradar på to år!
Søknadsfristen er 1. november
Ved å fordjupe deg i ei spesialisering eller kombinere interessene dine på tvers av ulike felt vil du få unik fagleg kompetanse og interessante karrieremoglegheiter både nasjonalt og internasjonalt.
Det beste av alt? Ein dobbelgrad krev ikkje dobbel arbeidsmengde. Lærestadane innpassar emne frå kvarandre slik at mengda studiepoeng blir tilsvarande ein vanleg mastergrad eller noko høgare. Når du er ferdig med studiet, vil du få to fullverdige mastergradar; éin i økonomi og administrasjon frå NHH, og ein annan frå vertsuniversitetet ditt.
Når du er ferdig med studiet, vil du få to mastergradar; éin i økonomi og administrasjon frå NHH, og ein annan frå ein av NHHs dobbelgradspartnarar.