På masternivå vert vurdering berre tilbode det semesteret det er undervisning i emnet.
Den beste karakteren vil stå som resultat på vitnemålet eller karakterutskrifta, også der du får dårlegare karakter etter gjentak av eksamen. Får du same karakter på det andre forsøket ditt, vil fyrste resultat synast på vitnemålet.
Tek du eit emne på nytt må du lese i emneomtalen om det er endringar i pensum eller vurderingsform. Du vil bli testa etter det pensumet som sist er undervist, og det kan skje endringar i innhald, pensum, vurderingsform og obligatoriske arbeidskrav. I emnebeskrivelsen kan du òg sjå i kva semester emne har undervisning.