Digital eksamen med Schoolyear

Digital eksamen med Schoolyear

Schoolyear er ei løysing som gjev studentar tilgang til eit virtuelt eksamensmiljø frå deira eiga datamaskin. Under eksamen har ein berre tilgang til dei ressursane og programma som er gjorde tilgjengeleg i Schoolyear.

I Schoolyear får studenten tilgang til eit eige eksamensmiljø der Seksjon for eksamen bestemmer kva ressursar som skal vere tilgjengelege under den enkelte eksamenen. Dette kan til dømes vere bestemte nettsider og program som Excel, R eller Python. Studentane har ikkje tilgang til lokale filer eller program på si eiga datamaskin medan dei arbeider i Schoolyear.

Last ned Schoolyear

For Windows

For Mac

Hugs å ta ein omstart av datamaskina, og lukk alle programmer og filer før du åpnar Schoolyear.

Før eksamen

Før eksamen må du lasta ned Schoolyear og deretter teste at det fungerar ved å køyre "laptop check" i Schoolyear.
Du må også hugse påloggingsinformasjonen din til Feide og studentnummeret ditt, sidan du ikkje kan bruke passord som er lagra på di eiga datamaskin i Schoolyear. Pass også på at VPN er slått av, og at du er kopla til eduroam.