Gratis sykkelservice på NHH

Vi feirar at vårens store aktivitetskampanje Sykle til jobben snart er i gang, med gratis sykkelservice på NHH sitt campus.

Tilbodet om gratis sykkel sykkelservice gjeld dei syklane mekanikarane rekk over i løpet av arrangementet, så hugs å møte opp med sykkelen i god tid. Tilbodet gjeld enkel sykkelservice, ikkje reparasjonar.

Velkommen!

OM SYKLE TIL JOBBEN

Sykle til jobben er ein landsdekkande aktivitetskampanje som varer frå 3. mai til 16. juni. Alle kan delta, og all aktivitet tel. Du kan sykle, symje, spele fotball, gjere styrketrening, gå eller springe. Kva som helst, så lenge du er i aktivitet.

Du kan melde deg på som lag eller individuelt, du kan konkurrere med deg sjølv eller andre, og du er med i trekninga om å vinne fine premiar undervegs. Du bidrar til grønare reisevanar og mindre utslepp - og attpåtil kjem du i betre form.

Påmelding er gratis for alle innbyggarar i alle Miljøløftet-kommunane: Bjørnafjorden, Alver, Askøy, Bergen og Øygarden.

Les meir og meld deg på Sykle til jobben 

OM MILJØLØFTET

Miljøløftet er samarbeidet mellom stat, fylke og fem kommunar om nullvekstmålet i bergensområdet: Å unngå at personbiltrafikken veks, sjølv om folketalet gjer det. Dette skal skje gjennom meir kollektivtrafikk, fleire gang- og sykkelvegar og betre arealbruk.

Les meir om Miljøløftet